Det var skysstasjon og gjestgiveri på Grodås, og skysstasjon på Haugen og Kjøs. Over same lina som postvegen, vart det seinare bygd betre køyreveg.
Dei første bygdevegane
Den første kommunale løyvinga til grendevegar kom i 1840 til gardsveg for Seljeset, Nygård og Muldsvor med tilhøyrande bru over Hornindalselva.
I populær ”over-land-rute” for passasjerarar frå dei første ”flytande hotella”turistskipa – var frå Stryn- Hornindal-Norangsdalen-Øye (veg bygd 1840-1850).
Køyreveg Hornindal-Markane
bygd 1904. Vegen gjekk i såkalla ”halvtunnel” under den stupbratte Kjøshammaren ved Hornindalsvatnet. Vegen rundt Kjøshammaren var svært rasfårleg, og det hende også ei dødsulukke der 1924. Tunnelen på 813 meter gjennom hammaren var ferdig 1968.
|
Dei første bilane i Hornindal, eigde av Fjordene Automobile Selskap. Foto frå 1915: J. K. Maursæth. |
Riksvegen Markane–Stryn
opna som 2-felt veg 1992.
Riksveg på sørsida
langs Hornindalsvatnet (Nor-Holmøyvik) ferdig i 1911.
Turistruta Stryn–Norangsdalen
var opphavet til at Nordfjord og Sunnmøre Billag vart skipa på eit møte på Grodås i Hornindal 1914. Billaget var interkommunalt – eigd av kommunane i Nordfjord, og Sunnylven kommune på Sunnmøre.
|
Hornindalsvatnet. (Foto: Arild Nybø © 2001) |
På Hornindalsvatnet
vart D/S ”Dølen” sett inn i trafikk 1880 (sjå bilete øvst på sida). D/S ”Duen” gjekk frå 1888 og ei tid i konkurrerande rute med ”Dølen” på strekninga Nor i Eid til Grodåssanden i Hornindal. I 1951 kjøpte Hornindal kommune M/B ”Honndølen”, som i nokre år hadde rutetrafikken til veglause bygder på nordsida av Hornindalvatnet, m.a. Otterdal.
Hornindal Auto - vart skipa i 1926, og starta rutekøyring i dalen med ein personbilar og lastebil.
Steinkvelvingsbrua ved Tomasgard
som framleis vert nytta på riksvegsambandet Hornindal-Hellesylt, vart bygt 1928.
Riksvegen Hornindal-Stranda
med dei store tunnelane i Sunnylven opna 1962.
Kvivsvegen har vore ein viktig ferdsleveg i uminnelege tider. Etter hard strid vedtok Miljøverndepartementet at stamvegen nord-sør på Vestlandet i framtida skal gå under fjellet Kviven.
Landpostruta Bergen-Trondheim starta i 1786, og Kirkhorn var eitt av postopneria på ruta langs Den Trondhjemske Postvei gjennom Nordfjord.
Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Hornindal i 1909, var det det private "Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab" som bygde og dreiv telefonnettet.