SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid kommune:

Slakteristriden i Nordfjord

VS på Nordfjordeid
VS på Nordfjordeid
Vestlandske Salslag i Nordfjord, eigd av Vestlandske Salslag, vart opna på Nordfjordeid 1964.

Publisert 02.03.2001 14:21. Oppdatert 12.03.2007 08:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Slakteriet på Nordfjordeid var eitt av fleire sentralslakteri som vart bygde av Vestlandske Salslag kringom på Vestlandet, og som på få år gav Sogn og Fjordane moderne slakteri i Sogndal, Førde og Nordfjordeid.

Hard strid

Sentralslakteriet for Nordfjord vart lokalisert på Nordfjordeid etter ein hard strid. Innfjordingane rekna det som eit utidig kupp, sett i scene av eidarane, og svik mot gamle lovnader om å velje Olden då årsmøtet i Vestlandske Salslag gjekk inn for at slakteriet skulle plasserast på Nordfjordeid. Striden enda med at bønder i indre Nordfjord braut ut og bygde sitt eige slakteri i Olden; Nordfjord Kjøttindustri. Dette var den første tida eit underbruk av Stryn Meieri og hadde nærmast identisk logo.
Nordfjord Kjøttindustri vart seinare overteke av disponenten, Leif Roksvåg, som seinare bygde stort slakteri i Loen under firmanamnet Nordfjord Kjøtt (sjå Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt)).

Lokal konkurranse

Då Vestlandske Salslag etablerte seg på Nordfjordeid, var det frå før tre slakteri i kommunen: Sverre Humborstad, O.K. Osnes (sjå desse under ”Industri og næring i Eid”) og A. O. Lefdal. Salslaget sin strategi var å ”kvele” desse ved å leggje storslakteriet midt i deira smørauge. Dei lukkast med dei to på Nordfjordeid, men Humborstad dreiv i mange år vidare i Kjølsdalen og utvida jamvel verksemda med stort nybygg, men gjekk til slutt konkurs.

Slutt i 2003

Etter at Vestlandske Salslag opna eit nytt storslakteri på Reset i Førde i 1984, vart dei regionale slakteria i Sogndal og Nordfjordeid gradvis trappa ned. Slakteriet på Nordfjordeid vart stengt for godt i 2003 og bygningane selde til LefdalGruppen (sjå Forretningsfamilien Lefdal).


SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no