Eksersisplassen på Nordfjordeid har eksistert sidan 1628, og såleis den eldste i landet.
I 1685 vart militære avdelingar frå Nordfiordske Compagnie mønstra i Vanylven like nord for Stad for kong Christian V som var på gjennomreise.
Frå 1718 var Nordfjordeid bataljonssamlingsplass for Nordre Bergenhusiske Regiment.
I 1733 mønstra militære avdelingar for kong Christian VI på Nordfjordeid. Kongen var denne gongen forseinka på reisa langs kysten, og avdelingane måtte gå på Nordfjordeid og vente i tre veker før kongeskipet dukka opp ute i fjorden!
Lagerhusa som no utgjer ”Hærmuséet” på Plassen vart bygde 1791-1793.
Garden Osnes, som ligg på Nordsida av Eidselva frå elvemunningen og austover, vart kjøpt som sjefsgard i 1792. Seinare vart mesteparten av sjefsgarden Osnes lagt ut til eksersisplass, og har sidan på folkemunne vorte kalla "Plassen".
Eksersisplassen på Nordfjordeid var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) fram til 1930, då Nordfjord Bataljon vart lagt under Bømoen på Voss.
Musikal om militærlivet
I 2005 vart det for første gong framført ein musikal på Plassen med emne frå militærlivet på Nordfjordeid slik det arta seg i 1895. Musikalen er skriven av Tor Karseth og heiter ”Elskhug og eksersis”.
Den sørlege delen av den gamle eksersisplassen langs Eidselva og sandreina som dannar seg før sjølve Plassen, ber det framandklingande namnet Malakov.
2. VERDSKRIG:
Tyskarane bygde brakkebyar
Under 2. verdskrig bygde tyskarane store brakkebyar for opptil 1.000 mann på Plassen, som også var kommandoplass under
Måløyraidet 3. juledag 1941.
Underoffiserskule
Tyskarane hadde også underoffisersskule på Nordfjordeid.
Eksersisplassen avvikla
|
Firda kaserne. |
Etter krigen vart Plassen og dei militære anlegga mykje brukt m.a. av Heimevernet og ved repetisjonsøvingar. På 1970-talet overtok Eid kommune området frå Forsvaret, som i makebyte fekk Firda Kaserne i Mogrenda.
Tente på dei militære
I stordomstida for militærvesenet på Nordfjordeid grodde det opp handel- og handverksbedrifter som levde av arbeid for det militære. Kvinnene tente pengar på vask av soldattøyet på den gamle vaskeplassen i Malakov, og på å ha soldatar i kost og losji heime.