|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Førde: Radio- og TV-sendarar i Sogn og Fjordane | Hafstadfjellet sett frå førdenipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK |
Hovudsendaren for radio og fjernsyn på Hafstadfjellet vart bygd i 1958. Publisert 10.05.2007 14:35. Oppdatert 15.05.2007 12:56.Dette var ein av i alt fem hovudsendarar for radio og fjernsyn som vart bygd kringom i Sogn og Fjordane frå midten av 1950-talet og fram på 1960-talet: Gulensendaren på Brosviksåta, Bremangersendaren på Steinfjellet (638 m.o.h.), Nordfjordeidsendaren på Sagtennene (1055 m.o.h.),
Førdesendaren på Hafstadfjellet (706 m.o.h.) og Sogndalsendaren på Storehogen (1173 m.o.h.).
Tøft reparasjonsarbeidSærleg før det vart bygd veg opp til fjelltoppstasjonane var det ein tøff jobb for telemannskapa å ta seg opp til sendarane for å reprarere dei når uveret sette dei ut av drift. For å navigere seg fram i dei verste snøstormane brukte vedlikehaldsfolka å gå rett under kraftlina som leverte straum opp til fjellstasjonen. Miste karane synet av kraftlina var dei ille ute. Ved telestasjonane i Måløy, Nordfjordeid, Førde, Gulen og Sogndal var det stasjonert spesialutdanna vedlikehaldsmannskap som hadde ansvaret for drift og vedlikehald av dei store radio- og TV-stasjonane på fjelltoppane.
Nytt, digitalt bakkenettEit nytt,digitalt bakkenett for fjernsyn vart teke i bruk over det meste av Sogn og Fjordane i 2007. Nettet er bygd ut av selskapet NTV – Norges Televisjon AS. Dette nettet dekkjer 95 prosent av sjåarane i fylket og gjev høve til mottak av over 20 fjernsynskanalar og 15 radiokanalar. NTV er eigd med like delar av NRK AS, TV2 Gruppen AS og Telenor Holding AS.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|