SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Flora:

Ferdsla på sjøen i Flora

Furesundet fekk første rutestopp

Postskipet "Nordcap" vart sett i drift langs vestlandskysten frå 1843 og hadde stopp i Furesundet.

Publisert 16.04.2007 13:15.

Kanalen

I dag skil Kanalen Florølandet frå Brandsøy. Kanalen i Eidet (Florøeidet) vart bygd i 1872–1873 for å lette ferdsla mellom Gaddevågen og Florø hamn på nordsida og Solheimsfjorden på sørsida. Før det vart bygd ei hevebru, var det ferje over Kanalen. Denne brua vart avløyst av ei sterkare køyrebru i 1930.

Florø hamn

Den gode hamna på Florevika - i ly bak Florelandet - var avgjerande for at Florø by vart grunnlagd der i 1860. Hamna låg like ved kystleia og passe nær til dei rike sildefiskeria kring Kinn.

Fugleskjærskaia og hurtigruta

Fugleskjærskaia vart bygd på Fugleskjera og vart opna i 1919. Alt i 1895 vart hamna skjerma med ein molo frå Florelandet til skjera.

Fylkesbaatrutene

Den øyrike og oppdelte Flora kommune har truleg "fylkesrekord" i tal stoppestader for Fylkesbaatane: Kring 1920 hadde Fylkesbaatane i alt 186 stoppestader, og av desse låg 19, eller godt over tiandeparten, i noverande Flora storkommune.

Rutebåtane til Kristoffer Hovden

Kristoffer Hovden frå øya Hovden starta kring 1920 rutefart med motorbåten "Sendingen" mellom Bremanger og Bergen.

Fiskerifyra kring Flora

Farvatna kring Florø er kjende som ei "paddemark" med fårlege skjer og båar, og fleire fiskerifyr vart bygde for å gjere det tryggare for fiskeflåten.

Fylkesbaatane til Florø i 1986

Like ved Fugleskjærskaia bygde Fylkesbaatane nytt administrasjonsbygg i 1986 då hovudkontoret vart flytta frå Bergen til Florø.

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no