SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Fjaler:

Posten i Fjaler


Publisert 15.03.2007 08:27.

Dale

Sveen i Bygstad fekk det første postopneriet ved Dalsfjorden i 1787 i samband med at postruta langs Den trondhjemske Postvei vart starta. Forklaringar på denne første plasseringa av postopneriet kan vere at det på denne tida sat mektige folk frå Rennord-slekta på handelssetet Sveen, med band til dei som rådde på storgarden Osen. - Les meir om dette under Gaular kommune i artikkelen: Skysstasjonen og handelssetet Sveen.
Dei første åra var postadressa ”Sveen i Indre Holmedal”, i 1812 berre ”Sveen”, og så endra tilbake til ”Sveen i Indre Holmedal” i 1833. Men i 1837 vart dette postopneriet på Sveen flytta til Dale og fekk adressa ”Dale”, og mest sannsynleg var det korpssmed Bartold Vonen som var første postopnaren der. I 1883 vart postadressa endra til ”Dale i Holmedal”. I 1892 vart det endra til ”Dale i Søndfjord”, og i 1921 til ”Dale i Sunnfjord”. I 1973 vart det underpostkontor.

Guddal

fekk postopneri i 1873 med lærar Jens J. Kalstad som første styrar. Det endra status til underpostkontor i 1973, til postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1996.

Korssund

fekk postopneri i 1876 med gardbrukar Anders C. Nordstrand som første styrar. I 1894 overtok kjøpmann Johan R.O. Skaar som styrar. I 1890 endra ein stavemåten frå ”Korsund” til ”Korssund”. I 1973 vart Korssund underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Leitet

fekk postopneri ved dampskipskaia i Fagervik i 1893, og med frøken Edle Landmark som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Straumsnes

Holmedal sokn fekk postopneri i 1860, men dette vart frå starten lagt på Straumsnes på sørsida av fjorden hjå den første handelsmannen på Arstein/Straumsnes, J. Aagesen. Postadressa ”Holmedal” vart flytta til sin rettmessige stad nordafor Dalsfjorden i 1893, og samstundes vart Straumsnes omgjort til brevhus med poststempel ”Strømsnes i Holmedal”. I 1910 vart dette kontoret omgjort til postopneri under adressa ”Strømsnes i Søndfjord”, og med handelsmann H.H. Hægland som første styrar. I 1921 vart adressa ”Straumsnes i Sunnfjord ”og i 1975 berre ”Straumsnes”. Det vart lagt ned som postkontor i 1996 og heilt avvikla i 2000.

Strømsnes i Holmedal

– sjå Straumsnes.

Flekke

fekk brevhus i 1899 med dampskipsekspeditør Mons D. Huustvedt som styrar. I 1905 vart det omgjort til postopneri med namnet Flekke i Søndfjord. I 1921 vart adressa Flekke i Sunnfjord. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1998. I 1890 vart det starta ei landpostbodrute ein gong i veka mellom Dale, Flekke og Haugland.

Gjølanger

fekk postopneri i 1893 med dampskipsekspeditør Torgeir N. Hellevik som første styrar.
Postkontoret låg først på garden Hellevik, men vart seinare flytta til forretninga til Nils A. Lang. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 som postkontor C, og i 1986 vart adressa endra til Hellevik i Fjaler.

Loneland

fekk brevhus i 1901. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Nautsund

ved Hovlandsvatnet fekk brevhus i 1901. I 1919 vart det omgjort til postopneri med gardbrukar Østen A. Nødsund som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke i Sunnfjord.

Hovlandsdal

fekk brevhus i 1902. Brevhuset vart lagt ned i 1968 og innordna under Flekke.

Sørebø

i Guddalen fekk brevhus i 1908 med adresse ”Sørebøen”. I 1933 vart dwette endra til ”Sørebø”. Brevhuset vart lagt ned i 1968 og innordna under Guddal.

Gjølanger mylna

(mølle) fekk eige brevhus i 1943 med den tidlegare skipsreiaren Erik Grant Lea som styrar. Brevhuset vart lagt ned i 1971.

Fure

fekk postopneri i 1929 med dampskipsekspeditør Andreas W. Ask som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1994 og innordna under Hellevik i Fjaler.

Heimtun

fekk brevhus i 1952. Det vart lagt ned i 1968 og innordna under Dale i Sunnfjord.

Folkestad

Folkestad, eller ”Bygdevågen” som postadressa var, fekk brevhus i 1954. Brevhuset vart lagt ned i 1967 og lagt under Korssund postkontor.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no