Få kommunar i Sogn og Fjordane har hatt større utvandring til Amerika enn Aurland:
Frå 1845 og dei fylgjande 30 åra førde utvandringa til at folketalet i kommunen minka med omlag ein fjerdepart.
Frå slutten av 1700-talet fekk bygdene i Sogn ein sterk auke i folketalet. I Aurland auka folketalet med 47 prosent på berre vel 30 år - frå 1364 i 1769 til 2001 i 1801.
Dei neste 30 åra deretter auka folketalet med 42 prosent, slik at det var oppe i 2845 i 1845. Sjølv om poteta så smått vart teken i bruk i hushaldet på denne tida, og bygdefolket braut mykje ny jord på hovudbruka og rydda over 200 nye husmannsplassar for å skaffe nok mat til den aukande folkemengda, så heldt det ikkje armoda unna.
Løysinga vart Amerika
Frå 1844 til 1865 flytta kring 1000 personar frå Aurland - d.v.s. kring tredjeparten av folketalet på berre 20 år. Langt dei fleste av dei som flytta, drog til Amerika. Utvandringa til Amerika gjorde at folketalet i Aurland gjekk tilbake frå 2.811 i 1845 til 2.132 i 1876. Hardast gjekk det ut over grendene kring Nærøyfjorden, der budde det kring 300 menneske midt på 1800-talet. 94 av desse flytta ut, 82 til Amerika og 12 til andre stader.
|
Diagram henta frå Årbok for Sogn 1994, artikkel av Åsmund Ohnstad |
Den største utvandrargruppa til Amerika i dei første åra fram til midten av 1850-talet var jordeigande bønder. Grunnen til dette var nok at reisekostnadane var høge. Mot slutten av den store utvandringbylgja fram til 1875 var husmenn, dagarbeidarar og strandsitjarar i klårt fleirtal.
I Aurland som i resten av indre Sogn, kom den store utvandringsbylgja langt tidlegare enn i resten av Sogn og Fjordane: I åra frå 1846 til 1865 drog det 7500 indresogningar til Amerika, medan det i same bolken reiste berre kring 100 menneske til Amerika frå dei ytre sognebygdene.