SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Bremanger:

Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen

Før kraftutbygginga starta under Svelgsfossen i 1917 var det som no er kommunesenteret berre nokre veglause og einbølte gardar under eit mektig fossefall lengst inne i Nordgulen.

Publisert 08.12.2006 11:09.

Fram til 1917 var det Kjelkenes, ute ved fjordmunningen mot Frøysjøen, som var samferdsle- og handelssenter for fjordbygdene kring Gulenfjordane. Det vart kjøpmennene på Kjelkenes som starta den første landhandelen i Svelgen då utbygginga starta der i 1917.

Posten kom først

Kjelkenes fekk postkontor i 1877 og vart fast stoppestad for Fylkesbaatane i 1888. Dei første 12 åra måtte ferdafolk og gods førast med bordingsbåt ut til dampbåten på fjorden, men frå 1900 kunne handelsmannen og dampskipsekspeditøren skilte med skikkeleg kai. Kjelkenes fekk telefonstasjon i 1901.
Den første som starta med handel på Kjelkenes, var gardbrukar Arnt K. Kjelkenes – truleg på same tid som han vart postopnar i 1877.
Då Arnt døydde i 1881 tok Kristoffer K. Kjelknes, sonen til førre brukar, over handelen. Og då Kristoffer døydde i 1892, gifta enkja seg eit par år seinare oppatt med Henrik M. Frimannslund frå Davik.

Første butikken i Svelgen

Henrik hadde vore nokre år i Amerika før han kom til Kjelkenes, der han m.a. utvida handelsbua mykje og fekk bygd skikkeleg kai.
Då kraftutbygginga starta under Svelgsfossen i 1917, starta Henrik Frimannslund den første butikken på den gryande industristaden Svelgen. Same året starta ein annan mann frå Kjelkenes, Knut K. Kjelkenes, (sjå under Handel i Bremanger) landhandel i Svelgen.

Samvirkelag tek over på Kjelkenes

I 1919 overtok sonen til den førre eigaren av Kjelkenes; Kristoffer Kristofferson Kjelkenes begge hutikkane. I tillegg til handelen, starta han også fiskemottak på Kjelkenes, og dreiv også ei tid trandamperi i Vindspollen.
Men Kristoffer fekk ikkje meir enn fem år: Då han døydde i 1924, var det enkja Oliva som måtte ta over butikkane og den andre verksemda både i Svelgen og på Kjelkenes – med unntak av fiskemottaket som ho la ned.
Men i 1939 vart firma Kristoffer K. Kjelkenes slege konkurs. Oliva fekk drive posten og telefonen på Kjelkenes vidare, medan Einar Åsen frå Førde tok over butikkane. Einar Åsen rømde til Shetland i 1942, og Svelgen Handelslag tok over butikkdrifta og dreiv til 1946 då Gulen Samyrkelag tok over. Butikken på Kjelkenes vart lagd ned i 1986.

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no