SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsla i Selje:

Post i Selje

Frå 1823 gjekk postruta Ålesund-Bergen over Mannseidet mellom garden Eide i Moldefjorden og til garden Einehaugen på Kjøde-sida.

Publisert 04.09.2006 10:41. Oppdatert 06.09.2006 10:51.

På Eide var det postopneri, og der vart det liggjande i lang tid, m.a. fordi prost Wilhelm Fredrik Koren ikkje ville ha det flytta til sjølve Selje. Først i 1874 vart postkontoret flytta frå Eide til sentrum.

Berre tre postopneri i Nordfjord

Heilt fram til 1830-talet var det berre tre postopneri i Nordfjord: Rebakken i Breim, Kirkhorn i Hornindal og Eide i Selje. Postsambandet til Eide sørfrå kom via Sauesund ved Askvoll, der det var ein korrespondanse for kystområda til den postruta som fylgde Den Trondhjemske Postvei litt lengre inne i landet i Sunnfjord. Frå Einehaugen ved Kjødepollen gjekk postruta vidare nordover gjennom Vanylven via embetsgardane i Leikanger på Gurskøy til Borgund/Ålesund og Ørskog.

Korrespondanse med indre Nordfjord

Frå Eide gjekk det også ei postrute over Berstadeidet til Rimstaddalen og Bryggja. Derfrå vart posten rodd innover til embetsgardane i Nordfjord. I Utvik kommune hadde denne ruta ein korrespondanse med postruta som gjekk nord-sør gjennom innlandsbygdene i Fjordane, langs Den Trondhjemske Postvei. Seinare kom det også ei innlandsrute for posten frå Reed i Breim–Ryssfjøra-Hunvik-Hundeide-sorenskrivargarden på Leikvin/Løkja og vidare til Sunnmøre over Hjelmelandsdalen-Bjørkedalen-Volda.

– Les meir om Den Trondhjemske Postvei m.a. under kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal.

Pilegrims- og postvegen over Berstadeidet

Frå Berstad og over Berstadeidet er det framleis tydelege spor etter den gamle postvegen: Fleire stader finn ein steinheller til å gå på, restar etter bruer, i bratt skråbakke er den greven inn i bakken med den faste breidda som ein offentleg rideveg skulle ha: 2 alner – d.v.s. 1,26 meter.
Også pilegrimar på veg til klosteret på Selja nytta Berstadeidet som ferdsleveg. På 1920-talet gjekk forfattarinna Sigrid Undset denne vegen saman med historieprofessor Francis Bull på ein tur til Selje kloster.
Då vegen over Maurstadeidet vart opna i 1866, vart postruta nord-sør lagt etter denne vegen, og kontoret på Eide miste sin status som knutepunkt i postgangen. I staden fekk no postruta innover Nordfjord korrespondanse på Einehaugen på Kjødepollsida, gjekk via Åheim og over Maurstadeidet til Bryggja og derfrå med robåt innover Nordfjord heilt til Utvik.
Ein legendarisk postførar på 1800-talet var Jakob August Pisani , ein mann med italiensk opphav som tente som postførar både i Nordfjord og i indre Sogn.

Lokale postkontor og brevhus

Postkontor i Selje kommune, ordna etter startår:
Eide 1823
Seljevågen i Selje 1874
Stadlandet 1877
Årsheim 1878
Ytre Stadlandet 1890
Barmsund 1892
Drage 1893
Flatrake 1910
Stadvågen 1945
Barmen 1955

Det var også såkalla brevhus i Ervik, Årvik, Fløde, Kjødepollen, Vetrhus og Håvik.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no