|
Wald Drageseth |
Særleg Wald Drageseth vart kjend som ein av dei mest visjonære og tiltaksføre industribyggjarane som fylket har fostra. Drageseth-ane skapte på det meste kring 300 arbeidsplassar på Selje skjortefabrikk, plastbåtfabrikken Selje Bruk og Selje Hotell, som alle vart bygd av brørne Dragseth.
Morfaren var industripioner i Innvik
Det var foreldra til dei to, Øyvind Drageseth (1892-1959) og Magna f. Skaaden (1891-1944) som i 1916 flytta frå Innvik i indre Nordfjord til Selje. Der starta dei i 1918 landhandel, kafe og bakeri.
Magna var dotter til ein av dei største industribyggjarane i fylket kring 1900,
Wald P. Skaaden , som i 1890 starta Indviken Uldvarefabrik, og som hadde kring 60 tilsette på det meste.
Drageseth-brørne var såleis av god gründerslekt då dei tok fatt som industribyggjarar i Selje.
Frå landhandel til skjorteproduksjon
Kring 1930 hadde breimingen Gabriel Reed (sjå eigen artikkel under
Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje) starta skjortefabrikk på Stadlandet saman med Josef G. Toresen.
Då Øyvind Drageseth av økonomiske grunnar måtte leggje ned butikken og bakeriet i 1936, leigde han ut lokala til Toresen, som starta ein filial for skjortesaum i Selje.
Men Toresen gav seg etter kort tid, og Øyvind Drageseth tok over fabrikken med dei 10 syserskene som arbeidde der.
I tillegg til skjorter, sydde han også tekstilar til sjukehus, og hadde leigesaum av trikot til Ørsta Trikotasjefabrikk.
Arbeidsstokken var oppe i 25 personar då krigen braut ut i 1940, men produksjonen låg nede under krigen.
Selje Skjortefabrik
Etter ein periode som driftsleiar ved Rekord Skjortefabrikk på Gjøvik, kom den 25 år gamle sonen Wald Dragseth tilbake til Selje hausten 1946 og grunnla Selje Skjortefabrikk. Fabrikken heldt til i dei gamle lokala som faren hadde drive i, og fekk frå starten 20 tilsette. Den ti år yngre broren Asbjørn kom etter kvart med som kompanjong.
Brann og ny fabrikk
Men like etter nystarten vart fabrikken totalskadd av brann 1. juledag 1946. Nokre få maskiner vart berga, slik at produksjonen kunne haldast i gang fram til ny, stor fabrikkbygning på 750 kvadratmeter stod ferdig i 1948. Selje Skjortefabrikk fekk no 50 tilsette, og arbeidet vart lagt opp som akkordarbeid.
I tillegg til å arbeide full veke heime, nytta Wald og Asbjørn Drageseth i desse første åra helgane til å køyre ut varer til kundar på Austlandet. Selje låg kommunikasjonsmessig i den ytste utkant, og var slett ikkje prioritert med nye vegar og vedlikehald: Wald Drageseth fortalde at han måtte smørje høgtståande folk i Vegstellet med brennevinsgåver for å få dei til å koste brøyting av riksvegen over Mannseidet!
|
Skjorte frå Selje Skjortefabrikk |
Største kvinnearbeidsplassen
Selje Skjortefabrikk vart mykje utvida utover 1950-talet, og kring 1960 var det 90 tilsette. 70 av desse var kvinner, og Selje Skjortefabrikk var den største industriarbeidsplassen for kvinner i fylket.
Selje Skjortefabrikk var ein av tre norske skjortefabrikkar som berga seg gjennom då billegimport skapte krise i te-ko-industrien på 1970-talet: Medan det i 1965 var 30 skjortefabrikkar i Noreg som produserte 2,3 millionar skjorter, var det ti år seinare berre att tre, med ein samla årsproduksjon på vel ein million skjorter. I det same tidsrommet hadde den årlege importen auka til 3,6 millionar skjorter!
Ein av grunnane til at Selje Skjortefabrikk kom seg gjennom syttitals-krisa var at dei hadde satsa sterkt på produksjon av uniformsskjorter.
Frå 1976 vart Wald Drageseth og sonen Magnar eineeigarar av skjortefabrikken og stod for drifta åleine. Fabrikken var i denne familiegreina si eige til 2001, då den vart seld til eit Oslo-firma: NB-Partner. Etter store reduksjonar i 2001 og 2002 er fabrikken i Selje så godt som nedlagd, og produksjonen flytta til Baltikum.
I 1979 flytta skjortefabrikken inn i eit stort nybygg vegg i vegg med det gamle bygget i Selje sentrum, medan den eldste delen vart omgjort til butikkar og kontor. Den eldste delen vart seinare riven for å gje plass til nybygg for COOP. I 2006 tok Skjortefabrikken Selje AS i bruk eit nybygg på vel 1,5 dekar golvflate like sør for Selje sentrum.
Selje Bruk AS og plastbåtproduksjon
I 1960 satsa Wald og Asbjørn Drageseth på lystbåtproduksjon: Dei skipa Selje Bruk AS og bygde i 1961 ein fabrikkhall på 600 kvadratmeter på Holmeneset på sørsida av Seljevågen. I starten fekk plastbåtfabrikken 50 tilsette. I tillegg til plastbåtar, produserte Selje Bruk ei tid også skyllekummar for bustadselskapet OBOS i Oslo.
Sju år etter starten var arbeidstokken oppe i 60 personar, og 60 prosent av produksjonen gjekk til Sverige.
I 1973 hadde Selje Bruk 105 tilsette. Produksjonen låg på 1500 båtar i året.
82 prosent av båtane vart då eksporterte til i alt 16 land.
Fabrikken gjorde særleg lukke med snekkemodellane Saga 20, Saga 24 og Saga 27.
I 1976 hadde Selje Bruk 120 tilsette og omsetning på 35 mill. kroner.
I 1976 overtok Asbjørn Drageseth og hans familie som eigarar åleine.
Men på same vis som andre norsk lystbåtprodusentnar fekk også Selje Bruk vanskar kring 1980, og gjekk konkurs i 1982.
Saga Boat AS
vart skipa 1983 som ei vidareføring av Selje Bruk. Asbjørn Drageseth m. familie eigde halvparten av aksjane i Saga Boat AS. Verksemda vart seinare vidareført under namnet Saga Trading AS, men gjekk i 2001 tilbake til firmanamnet Saga Boats AS. Verksemda hadde i 2006 60 tilsette.
|
Saga Boats ligg på sørsida av Prestevågen i Selje |
Selje Plastindustri AS
Same året som Asbjørns familiegrein overtok som eineeigarar av Selje Bruk i 1975, starta Wald Drageseth plastbåtfabrikken Selje Plastindustri. Fabrikken produserste plastsnekker dei første åra og vart driven av Walds son Geir. Seinare kom svigersonen Anders Lien frå Haugen i Eid inn som kompanjong, og fabrikken satsa etter kvart også på redningsbåtar i plast. Selje Plastindustri gjekk konkurs i 1982. - Les elles meir om Anders Lien og Selantic AS under
Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje.
|
Utandørs spa på Selje Hotell |
Selje Hotell
Industribyggjaren Wald Drageseth hadde lange kjent saknet av eit skikkeleg hotell i Selje, der han m.a. kunne hyse forretningsfolk og andre som hadde ærend til fabrikkane der.
I 1975 bygde han difor Selje Hotell ved Seljesanden.
Hotellet hadde frå starten 85 senger, men er seinare utvida fleire gonger.
Frå 1976 overtok
Gerd Kjellaug Berge og ektemannen Harald Berge drifta av hotellet, og i 1983 overtok dei som eigarar. Selje Hotell og vertskapet der vart tildelt næringslivsprisen Profilprisen for Sogn og Fjordane 1988.