Iver Lefdal frå Lefdal starta i 1928 med fiskehandel og seinare kol- og vedforretning på Skram i Måløy.
Lefdal hadde tidlegare vore arbeidsformann på fiskebuda til
Ulf Lem. På eigedomen som Lefdal kjøpte på Skram, hadde ein Riisnes frå Hordaland bygd sjøbu, og i ei brakke ved Gate 1 vart det drive landhandel og skomakarverkstad. Her hadde også Ålesund-firmaet Anton Tollaas filial, der Ottar Tolaas og systera Hjørdis Strand var butikkbetjening. I sjøbuda starta ektemaken til Iver Lefdal, Hanna, eiga systove. I 1938 hadde ho også lært kunsten å lage hattar og opna eiga hatteforretning. I etterkrigsåra dreiv Hanna Lefdal A/S såpass stor produksjon av hattar at den vesle fabrikken kunne levere til mange forretningar i dei næraste kommunane.
|
Forretningsbygget som Lefdal reiste i 1952. Foto: Ottar Starheim |
Fire etasjar i Gate 1
I 1952 bygde Lefdal ein stor, kombinert forretnings- og bustadeigedom på fire etasjar ved Gate 1. Her har manufakturforretninga halde til sidan. Kol- og vedforretninga som Iver dreiv i sjøbuda bak forretninga, vart avvikla i 1954. Sønene Per Kåre og Erling Lefdal tok over som eigarar i 1970. Borna til Per Kåre Lefdal, Per Arne, Ingrid Lefdal og Olaf, er seinare komne med i drifta av forretningane.
Ungdomskle i Oslo-området
I 1988 opna Lefdal filialbutikk i det nye kjøpesenteret Oslo City: City Fashion AS. Dette var då ein av dei største butikkane for ungdomskle i hovudstaden, og dette skulle verte starten på ei stor utbygging av butikkfilialar for ungdomskle i Oslo-området, med butikkar på Strømmen, Stovner og Vinterbro. Dei to siste selde konsernet i 2004.
I 2004 hadde Lefdal-konsernet ei samla omsetning på kring 50 millionar kroner, derav 10 millionar kroner i Måløy.