SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

4H

Så tidleg som i 1904 vart det løyvd pengar til kurs som skulle få norsk ungdom interessert i dyrking av grønsaker.

Publisert 22.01.2006 19:47. Oppdatert 28.02.2006 09:02.

Tanken var at dei både skulle delta i sjølvberginga og samstundes vere med på å innføre nye grønsaksortar i hushaldet. I Sogn og Fjordane var det nokre eldsjeler som fekk skipa til nokre få kurs. Men det viste lite att. Det var først då 4H-klubbane vart skipa frå midten av 1950-talet at aktiviteten auka. I 1956 var det starta 26 4H-klubbar med tilsaman 422 medlemmer kringom i fylket.

Til Noreg i 1926

4H er ei verdsomspennande rørsle som starta i USA i 1902 og har lag i meir enn 80 land. I Noreg starta dei første 4H-klubbane i 1926. 4H hadde i 1997 800 klubbar med i alt kring 20.000 medlemer over heile landet.

Grønsakdyrking og dyrerøkt

Dei fire H-ane står for ”klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse”. 4H-klubbane i Sogn og Fjordane konsentrerte seg dei første åra om opplæring i grønsakdyrking og dyrerøkt. Sesongen vart gjerne avslutta med haustfest med underhaldning og utstilling og premiering av avlinga til kvart medlem. Dei som valde husdyr som arbeidsopgåve, måtte vise fram arbeidsbok for fóring og stell, og gjerne ullprodukt, flesk eller egg dersom det var sau, gris eller høns som hadde vore oppgåva for året.

Allsidig aktivitet

Frå Landbruksselskapet kom 4H-konsulenten på vitjing for vurdering og dømming av den einskilde ”utstillingsstand”. Dei beste produkta fekk kvit sløyfe. Med åra har den praktiske aktiviteten i 4H-klubbane vorte mykje utvida til både skogbruk, natur og utmark, sjøbruk, miljø, kosthald, handverk, husflid og organisasjonsarbeid.

Årlege fylkesleirar

I 1954 vart cand. agr. Arne H. Dalen tilsett som den første 4H-konsulenten i Sogn og Fjordane. Ei viktig oppgåve for 4H-konsulenten var å skipe til dei årlege fylkesleirane for 4H-ungdomen. Frå 1955 har Landbruksselskapet oppnemnt eit eige 4H-utval med representantar for ulike organisasjonar innan landbruksnæringa.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no