vart skipa i 1946.
Leverings- og omsetningsordningane for fisk var mildt sagt uoversiktlege og kaotiske til langt fram på 1930-talet, og stort sett var det opp til kjøparane å fastsete prisen på fangsten.
På same vis som norske bønder tok til å organisere seg i samvirkeorganisasjonar for omsetning av mjølk, kjøt og andre jordbruksprodukt tidleg på 1900-talet (sjå Sogn og Fjordane fylke - artikkelen
Bondeeigde kjøpelag og salslag, viste fiskarane i mellomkrigstida aukande interesse for å få skipa tilsvarande samvirkeorganisasjonar for omsetning av fisk, og i 1917 vart det første ”salslaget” skipa av fiskarar i Nord-Vågsøy.
Firda Exportlag
Etter opptak frå Sogn og Fjordane Fiskarlag vart så Firda Exportlag skipa i 1923. Men laget fekk liten oppslutnad dei første åra og kom ikkje i drift før i 1926. Då hadde dei økonomiske nedgangstidene for alvor sett inn, og førstehandsprisane på fisk fall til det halve.
På same vis som arkitekten bak Vestlandske Salslag,
Olav Karstad, fekk innført levringsplikt for medlemmene då dette salslaget vart skipa i 1920, så vart det også innført leveringsplikt for fiskarar som teikna medlemskap i Firda Exportlag. Fiskaren Reinert Horn frå Nord-Vågsøy var ei drivande kraft i skiping av Firda Exsportlag. Men nedgangstidene gjorde at laget la ned drifta i 1928.
Vestlandssamarbeid fall i grus
I 1932 tok Sogn og Fjordane Fiskarlag kontakt med fylkesfiskarlaget i Hordaland for å få skipa eit Vestlandsfiskernes Salslag som først og fremst skulle regulere leveransar og omsetning av ferskfisk til Bergens-kjøparane. I Sogn og Fordane teikna 300 båtlag seg. I grannefylket i sør var interessa så laber at freistnaden på å skipe eit felles salslag stranda. Hovudgrunnen var nok at hordalendingane såg at det var først og fremst fiskarar som budde lengst unna Bergen som kunne dra mest nytte av eit slikt lag.
Ikkje samarbeid nordover heller
Då Norges Råfisklag vart skipa i 1938, var det meininga at laget også skulle ta seg av førstehandsomsetninga av fisk heilt frå Finnmark til og med Sogn og Fjordane. Men korkje fiskarane i Sogn og Fjordane eller på Sunnmøre ville vere med. Dei ville heller ikkje samarbeide seg imellom om eit felleslag for møringar og fjordingar, og skipa difor kvar sine omsetningslag: Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, skipa i 1945, og Sogn og Fjordane Fiskesalslag, skipa 1946.
Ei avrøysting viste at 94 prosent av fiskarane i Sogn og Fjordane ynskte eit eige salslag for fylket. Sogn og Fjordane Fiskesalslag fekk hovudkontor i Måløy.
Fiskareigde mottak og industri
Samvirketanken stod sterkt blant fiskarane på 1950-talet, og gjennom dotterselskapet AS Fiskeforsyning dreiv dei mottaks- og kjølelager på Raudeberg frå 1955, Bulandet frå 1956, Bremanger frå 1958, Stadlandet Kjøleanlegg frå 1960, og eit anlegg i Solund frå 1969.
Men desse anlegga gjekk dårleg, og det første som vart lagt ned var på Stadlandet 1962. Anlegget på Raudeberg vart i 1971 ein del av
Domstein-konsernet.
Frå 1995 vart Sogn og Fjordane Fiskesalslag samanslege med fiskesalslaget i Hordaland til Vest-Norges Fiskesalslag – framleis med hovudsete i Måløy.
Etterkrigstid: A/S Stongfjordanleggene
I dei første åra etter 2. verdskrig var det knapt med fiskefarty og lite å hjelpe seg med for modernisering og vedlikehald av fiskeflåten.
Fiskarorganisasjonane engasjerte seg difor direkte i skipsbygging i Sogn og Fjordane i åra etter krigen:
I 1945 vart aluminiumsfabrikken som British Aluminium Company hadde drive i Stongfjorden sidan 1907, lagt ned. Delvis som ein kompensasjon for tapte arbeidsplassar, vart industriselskapet A/S Stongfjordanleggene skipa i 1948.
Bak dette selskapet stod Norges Fiskarlag med lokallaga sine på Vestlandet. Tanken i desse etterkrigsåra var å bruke det nedlagde industrianlegget i Stongfjorden som skipsbyggeri og som vedlikehaldsbase for fiskeflåten på Vestlandet. Sosialøkonomen Torolv Solheim vart engasjert som leiar for verksemda i Stongfjorden.
A/S Stongfjordleggene bygde slipp, verkstad og sagbruk inne i fjordbotnen i Stongfjorden. I dei fire åra som selskapet var i drift, vart det bygd fleire fiskebåtar.
Dei gamle bygningane som aluminiumselskapet eigde på kaia, vart nytta av eit anna fiskarlagseigd selskap som heitte P/L Fiskereiskap. Her var det notverkstad og korkfabrikk. På det meste sysselsette dei to fiskarlagseigde verksemdene over 70 personar.
Men heile Stongfjord-prosjektet lei frå starten av mangelfull leiing og dårleg organisering, og då Fiskarlaget trekte seg ut og anlegga stengde, måtte kring 200 menneske flytte frå Stongfjorden.