SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Landbrukshistoria i Sogn og Fjordane:

Pelsdyroppdrett i Sogn og Fjordane

Arkivfoto NRK
Arkivfoto NRK
Frå 1928 vaks pelsdyroppdrett fram som den store tilleggsnæringa for landbruket i Sogn og Fjordane.

Publisert 20.01.2006 13:11. Oppdatert 08.05.2006 13:22.

I glansåra kring like før og etter 2. verdskrig vart det bygd små revefarmar mest på annankvar gard i mange bygder, og Sogn og Fjordane vart det nest største pelsfylket i landet etter Møre og Romsdal. Pelsdyrnæringa hadde si store blømingstid i åra før og like etter 2. verdskrig.

Ole M. Totland

Pionéren Ole M. Totland

Oppal av pelsdyr starta i Canada på 1880-talet då pelsjegerar fanga inn ville dyr og avla på dei. Gode skinn kunne seljast for opptil 11.000 kroner - ein svimlande sum i dei dagar. Utsiktene til ei slik eventyrleg forteneste lokka folk i andre land til å prøve seg.
Ole M. Totland (sjå Pelsdyrpionér Ole M. Totland) frå Bryggja vart ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett. I 1910 starta han ein av dei første pelsdyrfarmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen. Godtfred Fuglestrand frå Bjerkreim var den første i landet - ca. 1903.
På Marøyna let Totland dyra gå fritt. Ole Totland reiste dagleg med motorbåt over fjorden frå Bryggja for å fôre og halde tilsyn med dyra. Han fekk broren Jakob Totland med seg i arbeidet. Men vanskar med å skaffe olje til motorbåten under 2. verdskrig gjorde at Totland la ned revefarmen på den vesle øya.

Annonse i Fjordenes Tidende mai 1926.

Pelsdyroppdrett ein økonomisk risikosport

Totland og dei andre som freista seg på reveoppdrett den første tida, reiste sjølve til Canada for å kjøpe stamdyr. Der borte var sølvreven fanga som villrev av pelsdyrjegerar. Tilliks med dei andre som var tidleg ute, stilte Totland gard og grunn i pant for å prøve seg i den nye, men konjunkturfølsomme pelsdyrbransjen. Eit skikkeleg avlsdyr kunne etter den tids lokale målestokk koste ein formue, kjøp og Canada-reise inkludert.
Difor var det vanleg at bøndene gjekk saman i aksjelag og bygde pelsdyrfarmar då den nye næringa retteleg skaut fart frå 1928 og utover. Det var ikkje uvanleg at bøndene sette heile garden som pant når dei investerte i rev. Var dei så uheldige at dyra daua, kunne det verte ruin for eigaren, for den gongen fanst det ikkje forsikring for slikt.
Dei første pelsdyroppdrettarane i Sogn og Fjordane satsa i første omgang på å drive fram gode avlsdyr for sal. Gode avlsdyr kunne verte selde for svimlande summar, så utgiftene til reise og sølvrevkjøp i Canada var raskt inntente dersom ein ikkje fekk uhell undervegs.

Appelsiner og kalvefilét var revefór

Dei kostesame avlsdyra vart stelte og vakta som dei skulle vore av gull. Det var vanleg å fóre dyra med både kalvefilét, rosiner og appelsiner for at pelsen skulle skine!
Eit aksjelag som bygde ein stor pelsdyrgard på øya Alden, satsa på å gjere farmen sjølvforsynt med fór ved å setje ut villgeiter som gjekk fritt på øya. Desse kunne ein så skyte etter behov og fóre reven med blodferskt geitekjøt! Selskapet tilsette eigne røktarar frå Nordland som skulle ta seg av både jakt og stell, men prosjektet havarerte etter kort tid.

Nettingbura fekk bukt med spoleormen

Den første tida gjekk reven i store gardar med høge gjerde, og netting nedgraven i bakken slik at dyra ikkje skulle grave seg ut og røme. Inne i garden hadde gjerne kvar rev si eiga, eksklusive hytte, og det var ofte laga vandretrapp opp på taket av hyttene slik at reven kunne sitje høgt og nyte utsikta. Slike ”miljøtiltak” skulle auke trivnaden og dermed kvaliteten på dyra, meinte ein den gongen.
Men desse revegardane hadde eitt stort lyte: Reven gjekk direkte på jordbakken der den også skeit. Dette førde til at revane lett fekk spoleorm – ein parasitt i tarmsystemet.
Oppdrettarane løyste dette problemet med å byggje nye revegardar der dyra gjekk på netting høgt over bakken med dei smittefårlege ekskrementa. På slutten av 1930-talet var det få revegardar att av den gamle ”jordbaserte” typen.
Statskonsulenten for husdyr på Vestlandet, Jens Nordang, var utdanna veterinær. Han engasjerte seg sterkt i helserøkta i pelsdyrnæringa som vaks fram på 1920-talet. Frå 1925 til 1928 studerte Nordang sjukdomar på pelsdyr ved studiereiser til Canada, Tyskland, Danmark og Sverige, og i 1930 gav han ut ei banebrytande lærebok om pelsdyrsjukdomar. Han gjorde også reiser til Russland som sakkunnig i pelsdyravl.

Første minken kom til Lote

Norges Sølvrevsavlslag – seinare omdøypt til Norges Pelsdyralslag - vart skipa i 1926 og har hovudkontor i Oslo. Frå 1929 vart det starta eit meir systematisk avlsarbeid med regelmessige utstillingar.
På 1930-talet auka interessa for sølvrev - ein type som er ein variant av raudrev. Platinareven kom inn som ein mutasjon av sølvrev i 1933, og i nokre år vart det reine ”platinafeberen”.
Det første tre minkepara som vart innførte frå Amerika til Sogn og Fjordane, kom til ein oppdrettar på Lote i Nordfjord i 1928 og kosta 1200 kroner paret. Men det var først frå slutten av 1950-talet at mink avløyste reveskinna som den store motepelsen. I fleire tiår skulle ikkje marknaden ha noko anna, og den lokale reveavlen låg på sotteseng. Først på slutten av 1900-talet tok reveavlen seg oppatt.

Skinnauksjonar

Sidan 1947 har Norges Pelsdyralslag drive Oslo Skinnauksjoner. To andre auksjonsforretningar for skinn vart samstundes lagde ned. Oslo Skinnauksjoner har vore den viktigaste staden for omsetning av norsk pelsverk sidan. Grunnen til at pelsskinn vert omsette på slike auksjonar er at oppkjøparane der har høve til å handfare kvart einskilt skinn og kontrollere kvalitet før dei handlar.
Oslo Skinnauksjoner S/L omsette i 1996 145.000 minkskinn og 481.000 reveskinn til ein verdi av 428 millionar kroner. Mest alle skinna går til eksport.
På Austrheim i Gloppen bygde Fjordane Pelsdyralslag ein stor utstillingshall og ein pelsingssentral for pelsing (slakting) av pelsdyr og stell av skinna. Denne sysselset mange menneske i sesongane.
Dei store oppdrettskommunane i åra kring 2. verdskrig var Gloppen, Stryn, tidlegare Davik kommune (no delt mellom Bremanger, Vågsøy og Eid), Naustdal og Lærdal. Seinare kom også Jølster til som ein stor pelsdyrkommune med mange dyktige oppdrettarar.

Fórkjøken på Sandane

Arbeidet med å skaffe til veges revefór var både slitsamt og skitsamt, særleg for dei som ikkje haddde tilgang til fryseri i nærleiken. Det vanlege revefóret var håhovud og anna avskjær frå fiskeindustrien. Mykje av dette måtte tørkast på garden før det gjekk i revekverna. Å dra ei revekvern fleire gonger dagleg var eit tungt slit, og det var difor ei lette for mange oppdsrettarar då Gloppen Pelsdyrfórlag A/L bygde stort fórkjøken på Sandane i 1961 og tok til å levere ferdig pelsdyrfór med bil direkte til oppdrettarane. Pelsdyrfórkjøkenet på Sandane er sidan bygd mykje ut, og leverer fór til pelsfarmar i heile Sogn og Fjordane og store deler av Møre og Romsdal.

Mislukka pelsverkfabrikk

I 1973 starta ein for første gong industriell foredling av pelsverk i fylket, då buntmakarverksemda AS Fjord-Pels vart starta på Sandane etter opptak frå disponent Kristoffer Rygg i Gloppen Pelsdyrfórlag. Verksemda sydde både kåper, jakker og luer i pels og skinn, og hadde på det meste 35 tilsette. Men det viste seg at det var vanskeleg å tevle i pris og kvalitet med pelsvarefabrikkar i Finland og Aust-Europa. Fjord-Pels gjekk konkurs i 1983.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no