Dei første forsøka med ein målretta svineavl i Sogn og Fjordane vart gjort i 1864 då statskonsulent
Johan Lindequist reiste til England og kjøpte inn nokre par av rasane Berkshiresvin og Prins-Albertsvin.
Desse avlsdyra vart her i fylket sette i stasjon i Vik, Førde og Gloppen. Det viste seg etter kort tid at Prins-Albertsvina både vaks seint og var dårlege beitedyr. Difor kvitta ein seg med desse, og brukte ei tid Berkshiresvina til kryssing med dei lokale svinerasane.
I 1878 gjorde ein freistnad på kjøp av smågris frå Austlandet, men transporten vart for kostbar og komplisert i ei tid utan jernbane og bilar.
Avlsstasjonar
Det var først då Stortinget frå 1898 tok til å yte økonomisk støtte at det vart skipa avlsstasjonar, ein for norsk landsvin og ein med rasen yorkshire. I 1899 vart den første avlsstasjonen for yorkshiresvin starta hjå gardbrukar Hans I. Melheim i Olden. I 1905 kom den første avlsstasjonen for norsk landsvin hjå gardbrukar Lars Gjerde i Balestrand.
I 1927 kutta fylket ut tilskota til avlsstasjonane, som vart lagde ned.
I mellomkrigstida var det vanleg at landbruksskulane i fylket dreiv stort oppal og sal av smågris, og ved alle dei tre landbruksskulane vart det skipa avlsstasjonar for rasen landsvin.
|
Foto: Lise Åserud/Scanpix. |
Spesialisering
Med omleggjinga av jordbruket på slutten av 1900-talet vart svinehaldet sterkt spesialisert. Det gamle mønsteret med 2-3 grisar og purke på kvar gard vart avløyst av store produksjonsanlegg som kan levere fleire hundre slaktegris årleg. Smågrisproduksjonen er også spesialisert.
Norsk Svineavlslag, Norsvin, vart skipa på Hamar i 1958 som interesseorganisasjon for svineprodusentar i Noreg. I 1997 hadde organisasjonen 3900 medlemmer. Norsvin tek seg av alt avlsarbeidet i landet, og har stor eksport av avlsmateriale til USA, Australia og Aust-Asia.