SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Eid:

Forretningsfamilien Lefdal

Anders O. Lefdal f. 1878, og broren Simon var kring 1900 mellom dei store hestehandlarane i Sogn og Fjordane. I 1902 starta Anders også landhandel og slakteri.
på Nordfjordeid.

Publisert 17.01.2006 15:13. Oppdatert 14.03.2006 14:49.


Det starta med hestehandel

I 1906 fekk han skøyte på ein eigedom frå konkursbuet etter handelsmann R. Gjørven, og dreiv firmaet under namnet A.O.Lefdal. Ektemaken Laurentze f. 1883, stod for drifta av butikken i Eidsgata, og hadde sine daglege gjeremål bak kjøtdisken til ho var over 80 år gamal. I bygget dreiv dottera Sigfrid (Siggen) Lefdals kafé.
Sonen til Anders og Laurentze, Olav A. Lefdal f. 1908, førde hestehandlartradisjonen vidare, og var saman med sambygdingen Rasmus Vedvik og brørne Alf og Ragnvald Humborstad frå Kjølsdalen dei største i Nordfjord i hestehandlarfaget.
I 1933 kjøpte han ein eigedom på Langeland aust for sentrum. Her bygde han privatbustad, slakteri og pølsefabrikk. I 1941 kjøpte han ein gard i Lien ved Haugen og bygde stor revegard der.

Olav A. Lefdal var far til Aslak Lefdal, som m.a. grunnla Nor-Import i Olden og bygde kai for turistbåtar der. Aslak sine halvbrør Anders Lefdal og Olav O. Lefdal vart også forretningsmenn på Nordfjordeid: I 1984 satsa Anders Lefdal fleire millionar kroner då han bygde ut det som i dag heiter Norsk Fjordhestsenter AS på Nordfjordeid. Han kom etter ei tid opp i økonomiske vanskar og måtte overlate drifta av hestesenteret til ei stifting. Broren Olav O. Lefdal overtok eigedomane på Langeland etter faren og bygde på 1980-talet nytt slakteri for å satse på nisjeproduksjon.
Dette er no lagt ned.

Allsidig forretningsdrift

Det vart Aslak Lefdal som saman med sonen John Olav Lefdal som bygde ut den mest omfattande forretningsverksemda innan Lefdal-familien:
Aslak starta forretningskarrieren sin som unggut i bestefaren Anders O. Lefdal sin kjøtbutikk i Eidsgata. I 1954 bygde Lefdal-familien ny forretningsgard, og 20 år gamle Aslak var disponent i Lefdal Fryseri og Slakteri AS. I tida før heimefrysarane vart vanlege i alle hushald dreiv Lefdal mellom anna med utleige av 400 fryseboksar til privathushaldningar.
På 1970-talet bygde Aslak Lefdal ny forretningsgard i Eidsgata. Her var det matvarebutikk, møbelforretning og kvitevareforretning. Ei tid dreiv han også filial i Svelgen, kantinedrift på Nordfjord sjukehus og Haugen Mat A/S i M. Sture sin tidlegare landhandel på Haugen vest for Nordfjordeid. Han skipa også firmaet Nor-Import AS som dei første åra dreiv distribusjon og sal av grønsaker og frukt.
I 1984 gav Eid kommunestyre Aslak Lefdal einerett på sal av øl over disk for heile kommunen. Dette ølutsalet var lenge det einaste ølutsalet av dette slaget i Nordfjord, og vart ei svært lukratriv forretning for Lefdal. I den tida han dreiv dette private ”ølmonopolet”, gjekk Aslak Lefdal ut av drifta av dei øvrige selskapa. Ein del av overskotet frå ølsalet delte Aslak Lefdal ut til organisasjonar i bygda.

Aslak Lefdal flyttar til Olden

I 1987 overlet kommunestyret eineretten til diskesal av øl til det nyskipa Eid Ølutsal AS. Aslak Lefdal mista dermed ølsalet, men hadde alt sikra seg og gjort avtale med Ringnes Bryggeri om sal av deira øl og mineralvatn i Sogn og Fjordane.
Han kjøpte difor det fråflytta slakterianlegget til Nordfjord Kjøtindustri i Olden, og med firmaet Nor-Import AS starta han stort agentur for øl og mineralvatn i det gamle bygget.
Butikkane på Nordfjordeid vart avvikla, og ei tid freista Lefdal seg med restaurant og drift av ein bowlinghall i bygget ved Eidsgata.

Aslak Lefdal på cruiseskipskaia i Olden. Foto: NRK

Første cruiseskipskaia i fylket

I 1992 bygde Lefdal den første kaia i Sogn og Fjordane for turistskip i Olden. Kaia har vore driven av selskapet Nordfjord Service Terminal A/S. Den gamle Olden Mølle like ved vart i kjøpt i 1990, og er ombygd til restaurant og servicebygg for cruisetrafikken. I slakteribygget ligg fleire souvenirbutikkar.

Millonbutikk med 50 tilsette

Nor-Import flytta i 1995 verksemda til nye lokale i Stryn sentrum, og Aslak sin son John Olav er dagleg leiar av verksemda. Selskapet som omset mineralvatn og øl, endra no namnet til NorDrikk AS.
NorDrikk AS har dessutan distribusjon av vin og brennevin frå Haugesund i sør til Sunnmøre i nord for Vinmonopol-selskapet Vectura AS.

LefdalGruppen har også skipa selskapa Nor Marine AS og Nor Marine Motorsport AS som m.a. driv import og sal av luksuriøse fritidsbåtar. I Stryn sentrum driv LefdalGruppen eigedomsselskapet Perhusvegen 3 AS.
I 2004 kjøpte selskapet Lefdal Eigedom AS det nedlagde VS-slakteriet på Nordfjordeid, og dotterselskapa NorDrikk AS og Nor-Marine og Nor-Marine Motorsport flytta verksemda dit.
Hovudkontoret vart samstundes flytta frå Stryn til Nordfjordeid. Dei deler av slakterianlegget som Lefdal ikkje nyttar sjølv, vert leigde bort mellom anna til Gilde Vest og Felleskjøpet.

Kjøpte verftet på Løkjaneset

I 2005 kjøpte John Olav Lefdal saman med ei gruppe frå Raudeberg i Vågsøy det gamle skipsverftet på Løkja vest for Nordfjordeid (sjå Eid verft) og skipa Nor Marine Stål AS. Anlegget skal byggjast om for stålproduksjon. Lefdal eig 50 prosent av aksjane i det nye selskapet.

Tidlegare Eid Verft. Foto: NRK.

I 2006 skipa John Olav Lefdal også Nor Marine Industrier AS saman med andre. Verksemda held til på verftet på Løkjaneset og framstiller stålkonstruksjonar til skip, bygg og anlegg.
I 2005 overtok John Olav Lefdal også det tidlegare Hoddeviks Hotell (sjå Nordfjord Ungdomsheim under Reiselivsbedrifter i Eid), og opna det etter oppussing i 2006 med 40 gjesterom og med namnet Bryggen Hotell Nordfjord.

Selskapa til LefdalGruppen har i 2005 50 tilsette, og ei årleg omsetning på kring 150 millionar kroner.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no