SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Politiske parti i Sogn og Fjordane:

NS – Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane

Nasjonal Samling, som under 2. verdskrig vart kjend som nazi-partiet i Noreg, vart skipa av den tidlegare Bondeparti-statsråden og forsvarsminis-teren Vidkunn Quisling i 1933, same året som Adolf Hitler vart rikskanslar i Tyskland.

Publisert 11.01.2006 12:14. Oppdatert 13.03.2006 12:01.

NS nådde høgdepunktet i 1943 med 43000 vaksne medlemmer.

NS stod svakt i Sogn og Fjordane

Totalt vart det registrert berre 396 medlemer i Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane under krigen – d.v.s. berre 0,54 % av folketalet. I landsgjennonsnitt var 1,66 prosent av nordmennene medlemmer av NS. Sogn og Fjordane var dermed eitt av dei fylka i landet der nazi-partiet stod svakast. Særleg kystkommunane hadde svært få NS-medlemmer.
Av kommunane i Sogn og Fjordane hadde Vik kommune det høgste talet NS-medlemer under krigen: 43 medlemmer, dernest kom Kyrkjebø(Høyanger) og Årdal med 30 kvar.
Men sjølv om Vik kommune toppa lokalt, låg kommunen likevel langt under landsgjennomsnittet, med 1,32 %.

Kven vart NS-medlemmer?

Medlemslister som vart kverrsette i 1945, viser at det kom påfallande mange NS-medlemmer frå nokre få familiar i einskilde bygder. Dette kan tyde på at ein eller fleire overtydde NS-folk dreiv effektiv medlemsverving i eigen familiekrins. Andre særdrag ved desse medlemslistene er at mange hadde framande familienamn og truleg var tilflytte til bygdene i fylket. Ei anna stor medlemsgruppe var unge kvinner som truleg hadde samband med tyskarane i krigsåra.

Mislukka stortingsval

I Sogn og Fjordane stilte Nasjonal Samling eiga liste ved Stortingsvalet i 1936, med ingeniør Ole E. Rømcke frå Høyanger og fiskar ........... Ødejord frå Solund på dei to første plassane. Partiet fekk berre 129 røyster i fylket (0,2 prosent av røystene), og ingen representantar på Stortinget. NS stilte aldri liste ved kommuneval i Sogn og Fjordane. I 1936 heldt seinare ”propagandaminister” Gulbrand Lunde agitasjonsmøte i Høyanger.

Eigen fylkesførar i Høyanger

I 1940 var NS i Sogn og Fjordane underlagt fylkesorganisasjon nr. 12, leia av fylkesførar Christian Astrup i Bergen. Han var frå Våler i Solør, og fekk i oppgåve å organisere partiapparatet på Vestlandet. Sogn og Fjordane var delt i to krinsar: Firda krins for Nordfjord og Sunnfjord, og Sogn krins. I Sogn krins var det registrert 188 medlemer (0,63 % av folketalet), i Sunnfjord 90 (0,40 %) og i Nordfjord 118 (0,55 %).

Frå 1943 fekk NS eiga fylkesleiing for Sogn og Fjordane, plassert i Høyanger, med Anders Brokstad som fylkesførar.
Den forhatte Hirden til NS rekrutterte nokre av sine mest aktive medlemmer mellom ungdomen i Høyanger, og uvanleg mange av desse vart frontkjemparar.
Postmeister Johan Arntzen i Høyanger vart NS-ordførar i heimekommunen Kyrkjebø og seinare også NS-ordførar i fylkestinget.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no