SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Stryn:

Ulukkesvinteren 1868 i Stryn

Snøskred i Oppstryn (utløyst av Statens Vegvesen). Foto: NRK.
Snøskred i Oppstryn (utløyst av Statens Vegvesen). Foto: NRK.
Vinteren 1868 var den verste katastrofevinteren som har råka Vestlandet nokon gong. I alt vart 150 menneske drepne av jord- og steinskred. I Sogn og Fjordane var det 59 drepne. Berre i Stryn vart 39 menneske drepne på gardane Gjørven, Tenden og Sundal.

Publisert 09.01.2006 13:03. Oppdatert 13.03.2006 10:43.

På Heggheim i Stardalen i Jølster tok skredet 14 menneske.
På Bringe i Luster vart fire menneske drepne, og to på garden Li i Jostedalen.

6. februar 1868

vart ein ulukkedag av dei sjeldne: Garden Sundal i Oppstryn, der 11 menneske miste livet under snøfonna i 1718, vart på nytt råka denne dagen i 1868. No vart 13 menneske drepne: 11 i det eine tunet og to i det andre. 31 kyr og 120 sauer og geiter strauk med. Same dag tok eit snøskred med seg skulehuset og to husmannsplassar på Kyrkjeeide, utan at menneskeliv gjekk med. Grunnen var at husmannsfolka hadde ant uråd, og hadde flytta ut av husa før fonna kom. På Skåre i Oppstryn gjekk det med to husmannsplassar, utan at menneskeliv gjekk tapt.

Den 11. februar 1868

klokka to på ettermiddagen, vart 15 menneske på Gjørven i Stryn drepne då ei 2,5 kilometer brei snøfonn sopte med seg husa på Ærebruket og Monsbruket. 11 drepne vart lagde i ei samlegrav ved Nedstryn kyrkje. Dei som berga seg, vart ei tid innhyste hjå folk på Kyrkjeeide.

Den 26. februar 1868

klokke fire på ettermiddagen, øydela ei kjempefonn tunet på garden Tenden i Stryn og drap 11 menneske. Alle husa vart øydelagde, og 26 kyr og 60 sauer strauk med. Det var ei sørpefonn som med enorm kraft råka tunet. Berre to menneske vart gravne levande ut av fonna. 100 mann grov etter omkomne i ei veke i ei fonn som på det meste var seks alner djup. Åtte omkomne frå Tenden vart gravlagde i ei fellesgrav.

Sjå og Ulukkesvinteren 1868 I Luster og Ulukker i Jølster.

MEIR OM STRYN 
Stryn kommune

 
Aviser og media i Stryn
Historia i Stryn
Industri og næring i Stryn
Kjende personar i Stryn
Kommunehistoria i Stryn
Krigshistoria i Stryn
Kyrkjer i Stryn
Samferdsle i Stryn
Skular i Stryn
Verd å sjå i Stryn

 
Lyd frå Stryn
Video frå Stryn
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no