Av
Brit Jorunn Svanes
Leksikonquiz august
Ottar Starheim er redaktør for vårt store fylkesleksikon. No utfordrar han deg til å grave djupt i materialet. Du må svare på 15 spørsmål som alle er henta frå leksikonet.
Premien er boka "Verdsarv Nærøyfjorden" av Tom Dybwad og Finn Loftesnes, utgjeven på Selja Forlag.
Vinnaren av juli-konkurransen vart Else Sigdestad frå Rådal i Bergen.
3 gonger 5
Konkurransespørsmåla er delte opp i tre bolkar på fem spørsmål kvar.
Du må svare riktig på fire av fem spørsmål i kvar av dei tre rundene for å gå vidare.
Når du har kome deg gjennom alle svara så får du opp eit bilete der du skal skrive inn namn og adresse. Deretter trykker du på send og er med i konkurransen.
Leit i fylkesleksikonet
Eit godt tips er å ha oppe to vindauge samtidig, slik at du kan søkje deg fram på fylkesleksikonet for å finne svara medan du held på med konkurransen. Det er heller ingen ting i vegen for å sende inn fleire svar.
Trekninga skjer 31. august.
Lukke til med
Leksikonquiz august