Første gjestgiveriet på Vangen
Den første som fekk gjestgjevarløyve med brennevisnsskjenking på Vangen var korporal Sivert Johannessen i 1726. Han fekk også løyve til å selje tobakk og kornvarer. Dette første gjestgiveriet låg på bygdealmenningen omlag rett ned for inngangen til kyrkja. Men også kompanisjefen, oberst Jakob Meidell sr. som budde like ved gjestiveriet, på
Aabelheim, hadde skaffa seg løyve til å drive litt varehandel.
Gjestgjevaren på Vangen, Sivert Johannessen, fekk I 1737 også løyve til å drive gjestgiveri på garden Onstad på sørsida av Aurlandselvi.
På vestsida av Nærøyfjorden, litt nord for Dyrdal, ligg garden Arnehus. Sjølv om bygda i dag ligg veglaust og aude til, kom det alt kring 1700 eit kremmarleie og gjestgjeveri her.
I 1827 overtok Jakob Rosenwing Ringkjøb frå Bergen feste på gjestgiveriet og handelen i Gudvangen, og han sette no opp ei påbygg i to etasjar med matsal og salong i første etasje. No tok staden til å likne på eit hotell.
Wilmans hotell
i Gudvangen frå 1840-talet – Sjå
Turiststaden Gudvangen.
vart starta i 1868 av
Hans Johannes Brun i det såkalla ”Juell-huset”
I 1879 kom lærdølen og underoffiseren Ole Knutsen Helland til Gudvangen og bygde ”Hellands Hotell” like ved Schultz Hotell.
Eilert Meyer starta landhandel i Gudvangen i 1851. Han tok også imot overnattingsgjester. I 1862 overtok trønderen Martinus Hansen eigedommen. I 1875 vert han omtala som hotelleigar, og han var dessutan dampskipskespeditør og skysstasjonshaldar i Gudvangen.
i Flåm vart grunnlagt av bonde
Christen Fretheim i samband med at anleggsarbeidet på Bergensbanen starta i 1894.
Knut Østerbø, som ætta frå Hallingdal, og kona Eli fekk i 1894 tilskot frå Den Norske Turistforening til å drive turiststasjon med overnatting på garden sin i Aurlandsdalen.
|
Østerbø turisthytte |
Steinbergdalen Turisthytte
vart bygd i 1895 av Den Norske Turistforening. DNT dreiv hytta til 1961 då Signe og Jon Fimreite frå Aurland overtok. I 2002 overtok sonen Johannes Finreite og ektemaken Margunn Tokvam turisthytta som har 48 senger.
Vikingvang Hotell
– Sjå
Hellands Hotell .
i Aurlandsdalen er bygd på den gamle tradisjonen som fjellgardane i Aurlandsdalen har hatt med å huse ferdafolk på veg over fjellet.
Vatnahalsen hotell vart bygd av
Haakon Fretheim, og stod ferdig då Bergensbanen opna i 1909.
Gudvangen Hotell
- sjå
Hansens Hotell.
Heimly Pensjonat
i Flåm vart starta i 1931 av Marta og Torstein Tokvam. Heimly fekk frå starten 49 senger og vart drive av Tokvam-familien fram til eit aksjeselskap med Ragnar Widme i spissen tok over i 1991, og har sidan 1995 investert m.a. i ein moderne marina i Flåm sentrum.
Gudvangen Camping
vart starta av Johannes Gudvangen i 1957. Dette var den første campingplassen i Gudvangen, og Johannes dreiv også utleige av fiskerettar i elva. I 2004 overtok sonedottera Lene Hagen drifta av campingplassen, som i 2007 har 11 hytter.
Martin Gudvangen
bygde dei tre første campinghyttene i Gudvangen på garden sin tidleg på 1960-talet. Seinare har sonen Sigmund, som overtok i 1982, utvida campingplassen med fleire hytter.
Vang Camping
i Gudvangen vart starta i 1963 av Martin Larsen. Sonen Svein Larsen og ektemaken Norunn overtok i 1980, og i 2004 overtok deira dotter Siri Larsen Ramsøy drifta av campingplassen. I 2007 hadde Vang Camping 12 hytter.
Ryggjatun Pensjonat
på Aurlandsvangen vart starta i 1967 av Henry og Kristin Mathisen. Sonen Tor Mathisen overtok seinare og bygde Ryggjatun ut som hotell med kring 80 senger. Sidan 2001 har bygget vorte nytta som asylmottak, og det har vore fleire eigarskifte. I 2007 vart hotelldrifta teken opp att.
Lunde Camping
i Aurland vart starta i 1967 av Ingeborg og Per Lunde. Sonen Jens Lunde jr. og ektemaken Ann Magret kom med i drifta i 1980 og tok over i 1988. Lunde Camping har i alt 17 bueiningar, derav 13 mindre hytter, to større utleigehytter og to andre husvere. Campingplassen har oppstillingsplass for kring 80 campingvogner og bubilar.
Vangen Motell og Rorbuer
frå 1972 – sjå
Wangen Hotell.
vart bygd på Aurlandsvangen i 1972 av Steinar Wangen. Hotellet fekk frå starten 18 rom 40 senger.
Flåm Camping og vandrarheim
vart starta i 1973 av ekteparet Nelly og Knut Brekke. I 1985 i overtok dottera Gjertrud Håland og ektemaken Erling Håland drifta. Vandrarheimen har 31 senger, og campingplassen har 15 hytter og oppstillingsplass for kring 100 bubilar og campingvogner.
Aurlandsdalen Hotell
– sjå
Aurland Fjordstue.
Aurland Fjordhotell
– sjå
Aurland Fjordstue.
Furukroa
i Flåm vart starta i 1988 av Torstein Åsen, Terje Tokvam, Leif Horvei og Olav Grindheim. Furukroa driv restaurant, kafé og kiosk, og har overnattingsplass med 16 senger.
|
Velkomstskilt på Gudvangen Fjordtell |
har utgangspunktet i Gudvangen Hotell som vart starta på 1870-talet av ein Winger. Sjå elles
Hansens Hotell.
Saga Souvenir AS
i Flåm vart starta av Jason Sowerby 1992. Steinar Wangen vart medeigarar i 1994, og overtok fullt ut i 1998. Verksemda har i 2004 tre utsal i turistbygda og sysselset 15 personar i sesongen.
Skahjem Gard
i Aurland vart starta av gardbrukar Nils Tore Skahjem og ektemaken Dagrunn då dei i 1994 bygde om løa på garden til sju utleigeleiligheter for turistar.
Skaim Hytter
i Aurland vart starta i 1994 av Hallgeir Aasen. Han har ni utleigehytter i anlegget i tillegg til teltplassar.
Skresanden Hytter
i Aurland vart starta i 1994 av John Turlid. Han driv i tillegg med utleige av fiskerettar i Aurlandselvi.
Fretheim Fjordhytter
i Flåm vart starta av ekteparet Sue og Anders Fretheim i 1995. Anlegget omfattar fire utleigehytter.
Flåm Utvikling AS
Skipa i 1997 av Aurland kommune, Aurland Sparebank og SIVA for å leige og drive
Flåmsbana, eit av Noregs mest populære turistmål. Selskapet driv også turisthamna og postfilialen i Flåm, og samarbeider tett med
Fretheim hotell om marknadsføring.
Flåm Marina & Appartement AS
vart starta i 2004 av Ragnar og Jørund Widme. I tilleg til marina og båtutleige har verksemda 10 feriehusvere til utleige.