SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Høgre i Sogn og Fjordane

Partiet ”Høire” vart skipa 27. august 1884 med Emil Stang som første formann. På landsplan vart partiet skipa som ein reaksjon på innføringa av parlamentarismen og utvida røysterett som Venstre kjempa for.

Publisert 28.09.2004 13:08. Oppdatert 02.10.2006 10:53.

Høgre skipa fylkeslag i Sogn og Fjordane og melde det inn i Høgre sin landsorganisasjon den 25. juni 1921.

Listesamarbeid med Moderate Venstre

Før Stortingsvalet i 1888 vart partiet Venstre kløyvd i Reine Venstre og Moderate Venstre. Det siste fekk inn 23 representantar ved Stortingsvalet i 1888. Moderate Venstre hadde størst oppslutning på Vestlandet, særleg i den lavkyrkjelege delen av folket. Kristeleg Folkeparti, skipa i 1933, vert rekna som eit slags ”framhald” av denne ”rørsla”.

I Sogn og Fjordane var det i lang tid tette band mellom Høgre og flokken som sokna til Moderate Venstre og ei anna utbrytargruppe frå Venstre som kom til i 1909; Frisinnede Venstre: Ved Stortings-valet i 1888 tok Moderate Venstre tre av dei fem Stortings-plassane , medan dei to andre gjekk til Høgre. Høgre og Moderate Venstre hadde alle stortingsplassane frå Sogn og Fjordane fram til 1900, då Venstre tok tilbake alle plassane.

Høgre deler seg

Høgre-sida tok tilbake alle Stortings-mandata frå fylket ved valet i 1903: Moderate Venstre hadde nemleg ved dette valet gått inn i Samlingspartiet saman med moderate Høgre-folk som ikkje lenger fann seg til rette i det sterkt konservative Høgre. Med Christian Michelsen i spissen fekk denne grupperinga klårt fleirtal i Stortinget. Denne miksen av moderat høgrepolitikk og lavkyrkjeleg ”Vestlands-Venstre” var tydelege noko folk likte.
Samlingspartiet stilte lister i alle einmannskrinsane i Nordfjord, Sunnfjord, Kinn, Indre Sogn og Ytre Sogn og fekk inn folka sine i alle krinsane.

Ny samarbeidspartnar: Frisinnede Venstre

I 1909 vart det skipa endå eit nytt parti av ei utbrytargruppe som meinte Venstre hadde vorte for radikalt. Dette nye partiet heitte Frisinnede Venstre. Trass i at Høgre skipa eige fylkeslag i 1920, så stilte Høgre fellesliste med Frisinnede Venstre til og med valet i 1927. Listesamarbeidet hadde særleg suksess i Sunnfjord, der dei fekk inn fleire representantar åra mellom 1906 og 1921, då fylket var delt inn i fem einmannskrinsar

Heilt fram til og med Stortingsvalet i 1927 stilte Frisinnede Venstre samarbeidslister med Høgre i Sogn og Fjordane, men så lenge ordninga med fem valkrinsar varde (1906–1921), var det tilliks med Venstre også stor usemje om kven som skulle toppe Høgre/Frisinnede Venstre-listene. Usemja gjorde t.d. at det ved valet i 1912 vart stilt to Høgre/Frisinnde Venstre-lister i Ytre Sogn krins. I Nordfjord valkrins vart det i 1921 stilt ei fellesliste for Høgre, Frisinnede Venstre (sjå dette under Venstre i Sogn og Fjordane), og Landmannsforbundet, som var forløparen til Bondepartiet. Denne Nordfjord-lista fekk ikkje nok røyster til mandat. Ved Stortingsvalet i 1921 hadde ein gått tilbake til felles valkrins for heile fylket, og då fekk felleslista mellom Høgre og Frisinnede Venstre inn Høgre-mann og fylkesmann Ingolf Christensen.

Eigen organisasjon for kvinnene

Mellom 1955 og 1994 hadde partiet eigen organisasjon for Høgrekvinnene i fylket.

Unge Høgre starta fylkesorganisasjon i 1968.

Høgre har gjennom tidene hatt fire såkalla ”partiorgan” i lokalpressa i Sogn og Fjordane:
Fjordenes Tidende, Måløy
Fjordingen, Stryn
Fylkestidende, Florø
Sogningen, Leikanger

Fylkessekretærar:


H. Dugstad 1920 – 1923
K.H. Aarra 1923 - 1924
Richard Knoff 1924 – 1946
Jakob Søgnen 1947 – 1956
Ingolf Bergem 1956 – 1961
Torleiv Grøtte 1961 – 1968
Jon Juklestad 1969 – 1975
Kristen Tønder 1975 – 1978
Solbjørg Berge 1978 – 1997
Finn Ove Njøsen 1997 – 2006
Ingvar Torsvik Myrvollen 2006 -

Fure-lista

Ved det første direkte valet til fylkesting i 1975 vart det ei såkalla ”upolitisk” liste som kalla seg ”Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane”. Lista vart på folkemunne kalla ”Fure-lista” fordi det var sentralsjukehusmotstandaren Julius Fure frå Selje som både organiserte og toppa lista. Dette er førebels den einaste lista som har vorte stilt til fylkestingsval, som ikkje har vorte stilt av politiske parti.

Fure-lista var eit direkte resultat av den bitre sjukehusstriden som hadde rasa i fylket frå 1968 og utover 1970-talet. Ordførar og Høgre-mann Julius Fure i Selje hadde markert seg som ein sterk talsmann for bevaring av lokalsjukehusa. Ved nominasjonen i Høgre måtte Julius Fure vike plassen for den erfarne Vågsøy-politikaren Leif Iversen på sikker plass på Høgre-lista. Julius Fure fekk då organsiert ”Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane”. Lista fekk inn fem representantar på fylkestinget 1976–1979: Julius Fure, Selje, Kjellaug Igland, Bremanger, Einar Stavrum, Høyanger, Gunnvor Grov Sørdal, Vik, og Ingvald Ødegård, Bremanger.
Lista eksisterte berre denne eine valperioden, og i den neste valbolken var Julius Fure tilbake i Høgre.
Julius Fure vart valt som Høgre sin første fylkesordførar 1988–1991.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no