Først i 1866 vart Nordfjord delt i tre legedistrikt, og langt inn på 1900-talet måtte fleire kommunar i Nordfjord dele på den eine distriktslegen. Fram til dess vart bygdedokterane flittig brukt.
I 1802 vart Chr. Bonning Uchermann tilsett som den første distriktslegen i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Faleide i Stryn.
vart teke i bruk i 1936 med 40 senger. Sjukehuset vart i hovudsak bygd med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer.
Mange spedalske på Torheim
Fram til bergenslegen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873, var spillsykja - spedalskheit - den store folkepesten på Vestlandet. I europeisk målestokk var Vestlandet spesielt hardt råka, og gamal overtru meinte det m.a. kunne ha samanheng med klimaet. Armauer Hansen prova at spillsykja var smittsam.
Også i midtre Nordfjord døydde mange av spillsykja. Særleg ille råka sjukdomen ein huslyd i den vesle bygda Torheim. Frå 1838 til 1866 døydde det to vaksne og to born frå same gard av sjukdomen.
På slutten av 40-talet sytte tannlege John Myklebust for at Eid fekk skuletannrøkt. Systera hans var den første tannlegen i Eid.
Nordfjord Psykiatrisenter
- sjå
Nordfjord sjukehus.