|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Årdal: Hydro Aluminium ASEtter samanslåinga mellom vart aluminiumproduksjonen samla i ein eigen divisjon - Hydro Aluminium. I dette systemet heiter aluminiumsfabrikken i Årdal: "Hydro Aluminium, Årdal Metallverk". Publisert 26.02.2004 12:46. Oppdatert 22.03.2006 07:06.Verksemda er delt inn i avdelingane elektrolyseanlegg for omnshallane, anodemontasjeanlegg og støyperi, kai og transportanlegg, andre hjelpeanlegg og deponi.
Årdal Metallverk hadde i 2001 ein kapasitet til å produsere 200.000 tonn aluminium årleg. Støyperiet hadde ein kapasistet på 280.000 tonn årleg.
På Årdalstangen ligg anodefabrikken Hydro Metallverk Årdal Carbon - AAK. Anodane vert brukte i den elektrokjemiske prosessen for å redusere aluminiumsoksyd til aluminium. Oksyden vert framstilt av bauxitt som vert kjøpt i utlandet. Arbeidsoppgåver som vedlikehald, ovnsmuring og transport er skild ut i eit eige "tenesteselskap": Hydro Production Partner. Også forsyning og IS/IT er skilt ut i eige selskap, og Teknologisenter Årdal - ATA driv forsking og laboratorium. Hydro Energi Tyin Kraftverk og Hydro Energi Sogn (sjå under Hydro) styrer Hydro sin kraftproduksjon i Tyin- og Fortun-anlegga.
Utover 1990-talet kom det stendig sterkare signal frå Hydro-leiinga om at det gjekk mot ei nedtrapping av aluminiumsprodudksjonen ved verka i Sogn.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|