SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Selje:

Radarstasjonen på fjellet Kjerringa

Stad. (Foto: NRK)
Stad. (Foto: NRK)
Tyskarane starta tidleg i krigen å eksperimentere med radar, men først i 1942 starta dei utbygging av radaranlegg langs Norskekysten.

Publisert 07.01.2004 14:32. Oppdatert 02.02.2007 15:13.
Den 50 meter høge radarmasta på Kjerringa. Foto: Waffen-Arsenal, frå boka "Fronten er kysten" av Kjell-Ragnar Berge.
Ein av dei første radarane vart bygd på Kråkenes i Vågsøy i 1942, og i 1944 starta arbeidet med eit stort radaranlegg på fjellet Kjerringa på Stadlandet - det fjellet som seinare har vorte kalla Vestkapp. Her vart det sett opp tre radarar - to av typen "Würsburg Riese" og ein av typen "Wassermann".


Overvaking og navigasjon

Anlegget skulle brukast både til overvaking og til navigasjon for eigne jagarfly. Aksjonsradius for anlegget var 350 kilometer. På fjellet stod også ei brakke som inneheldt radio- og peileutstyr av ymse slag. Ein radio- og peilestasjon var knytt til ei 52 meter høg mast som kunne operere i ein radius på 300 kilometer.


Anlegga uskadde

Etter freden den 8. mai 1945 var anlegga på Kjerringa uskadde. Først den 13. juni 1945 vart kaptein Dagfinn Årdal frå Breim send til Kjerringa for å overta kommandoen over dei store radaranlegga frå den tyske kommandanten løytnant Karl Otto Gøtz. Tyskarane hadde såleis den formelle kommandoen over anlegget i over ein månad etter kapitulasjonen.

Anlegga vart ei kort tid nytta av det norske forsvaret før dei vart demonterte og fjerna.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no