|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Selje: Russiske krigsfangar og skrekkleir i ErvikTyskarane nytta russiske krigsfangar til å byggje dei store festningsverka på fjellet Hovden ved Ervik. Publisert 07.01.2004 14:25. Oppdatert 03.08.2006 14:51.LYD OG VIDEO
Fangeleiren var rigga til nede i bygda og husa 120 krigsfangar. Her vart dei utsette for svolt og tortur av ein sadistisk kommandant. Eit par av fangane vart skotne under transporten frå Leikanger til Ervik, og fangar som freista å røme vart fanga og dregne bakbundne etter hestekjerra utover mot leiren til dei stupte og døydde av utmatting.
Rømde, men oppsøkte feil gardSpesielt dramatisk var det då to polske fangar greidde å stikke seg bort under ei bru i Morkadalen under marsjen ut mot fangeleiren i Ervik. Dei rømde innover Stadhalvøya og søkte kontakt med folk på ein gard på Eide i Moldefjorden. Men mannen på garden var NS-mann og ringde for å varsle tyskarane om rømlingane. Denne meldinga vart fanga opp av telefondama Petra Ervik i Selje som fekk varsla folk i Kjødepollen om kva som var i ferd med å skje på Eide. Dei sette til fots over Mannseidet mot Eide. Men tyskarane kom dei i forkjøpet, drog dei to polakkane ut på tunet og skaut dei på staden.
Drakk ukokt tranBygdefolket fortel at fangane i leiren var så utmagra at dei drakk "lyse" - dvs. ukokt tran som vart nytta til å smørje lunnane i båtstøa med - for å overleve.
32 fangar omkom i leiren, og mange vart berre i all hast gravne ned i sjøsanden i Ervik, der bygdefolket kunne finne lika drivande i sjøkanten. Restar av fangeleiren kan enno sjåast på vegen mot hamna i Ervik.
Etter krigen vart ei massegrav med 21 russiske fangar graven opp og levningane flytta til gravplassen i bygda., der dei fekk ei jordfesting med prest og mykje folk til stades. Ein trekross som vart reist på denne grava er seinare flytta til eit eige rom ved minnekapellet i Ervik.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|