|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Stryn: Lag og organisasjonar i StrynOmtalane er ordna etter startår: Publisert 05.01.2004 14:03. Oppdatert 01.02.2007 08:53.Innvik Skyttarlagvart skipa kring 1880. I 2007 slo laget seg saman med Utvik Skyttarlag til Innvik og Utvik Skyttarlag.
vart skipa i 1882.
Utvik Skyttarlagvart skipa i 1884 av Ole Larsen Myklebust. I 2007 slo laget seg saman med Innvik Skyttarlag til Innvik og Utvik skyttarlag. Den mest framståande prestasjonen til lagsmedlemmer var då Leif Myklebust vann Aftenpostens sølvfat på eit landsskyttartemne på slutten av 1950-talet.
Innvik ungdomslagInnvik ynglingeforening vart skipa i 1882 og Innvik ungdomslag i 1897. Laget gjorde opptaket til skiping av idrettslaget Styrk i 1902, og seinare til hornmusikken i bygda. I 1912 bygde laget ungdomshuset Heimlund, som i 1930 vart utvida og dekorerav rosemålaren Ragnvald Einbu frå Lesja.
Oldedalen Ynglingeforeningvart skipa i 1885. Namnet vart seinare endra til Oldedalen Ungdomslag.
Olden ungdomslagYnglingeforeningen "Fram" vart skipa i Olden i 1884 av Lars Loen. Det vart i 1885 til Olden Ungdomslag. Etter nokre år med kløyving, gjekk laget saman att i 1907. I 1916 byde det ungdomshuset "Aldaheim" med store tilskot frå den amerikanske kunstnaren og rikmannen William Henry Singer jr.. Huset vart utvida i 1930. Laget gjorde også opptaket til skiping av Røde Kors-lag, og fekk i 1914 verna gamle Olden kyrkje som kulturminne.
Randabygda Ungdomslagvart skipa i 1887.
Utvik Indremisjonsforeningvart skipa i 1887.
Tonning indremisjoni Stryn vart skipa i 1890.
Markane ungdomslagvart skipa på 1890-talet, og i 1904 vart det skipa endå eit lag i Markane. Dei to laga gjekk saman i 1906. Dette laget bygde ungdomshuset "Skogstjerna" i 1928.
Faleidefekk ungdomslag på 1890-talet, men fleire opplysningar vantar.
Lodalen ungdomslagvart skipa på 1890-talet, men låg nede til det vart nyskipa i 1924.
Blakset ungdomslag vart skipa på 1890-talet og bygde ungdomshuset "Frendehall" i 1922.
Oppstryn ungdomslagvart skipa i 1890-talet med Jon Fridtun som første formann.
Stryn ungdomslagvart skipa i 1897 og bygde i 1908 ungdomshuset "Heimskringla". Laget kjøpte m.a. eigen skogteig i 1937 der dei dreiv skogsplanting. I 1938 starta laget privat realskule i Stryn.
Stryn Turn & Idrettsforeningvart skipa i 1898. Laget fekk den første storhallen i fylket, Strynehallen, i 1987.
Utvik ungdomslagvart skipa i 1900 og bygde i 1991 ungdomshuset "Urdabrunn". Det var i mange år saman med lag på Breim-sida om Brekkestemna på Utvikfjellet, og dreiv stort med skogplanting: Over 250.000 plantar sette laget ut.
Oldedalen forening av Misjonssambandet – Kinamisjonen - vart skipa ca. 1900
Oldedalen Skyttarlagvart skipa ca. 1900.
Olden indremisjonvart skipa i 1900
Loen ungdomslagvart skipa i 1901 og bygde ungdomshuset "Heimtun" i 1915. Laget gav i 1937 to lysekruner til Loen kyrkje.
Styrk Idrettslagi Innvik vart skipa i 1902. Laget bygde på 1980-talet Styrkhallen.
Utvik Idrettslagvart skipa i 1902 og stod i mange år som medskipar av Brekkestemna på Utvikfjellet saman med Breim idrettslag (sjå Idretten i Gloppen). Idrettsbana i Utvik vart bygd i 1947. I 1963 bygde laget, etter opptak frå Ola A. Valaker saman med idrettslag frå Breim alpinanlegg på Utvikfjellet (sjå Indre Breim Idrettslag , Gloppen kommune).
Fjelli ungdomslagvart skipa i 1905 og bygde i 1916 ungdomshuset "Fjellvarden", teikna i "drakestil" som eit slags "typehus" for ungdomshus av Magnus Dagestad frå Voss. Fleire slike typehus vart bygde i fylket i desse åra, m.a. ein større variant i Vik i Sogn - Vikjahalli. Det var Noregs Ungdomslag som gjorde opptaket til desse typehusa.
Nordstranda ungdomslagvart skipa i 1909, og saman med Tisthamar ungdomslag bygde dei i 1911 opp att den gamle vetestove ved Ulvedal. I 1937 bygde laget ungdomshuset "Haugtun".
Idrettslaget Fjellpå Nordsida i Stryn vart skipa i 1909. Dette gjekk i 1968 inn i Veten Idrettslag.
Oldedalen ungdomslagvart skipa i 1910.
Rakegrenda ungdomslagvart skipa i 1910. I 1939 bygde laget ungdomshuset "Vardehall".
Tisthamar ungdomslagvart skipa i 1911.
Oppstryn Idrettslagvart skipa i 1911. Fekk den første ”friidrettsprisen” for godt lagsarbeid i fylket i 1988.
Rand ungdomslagvart skipa i 1913, og bygde eige ungdomhus kring 1950.
Nordfjord Songarlagvart skipa i 1919 av lærar og kyrkjesongar Lars Glomnes frå Stryn. Laget talde i mellomkrigstida 20 kor med til saman kring 500 songarar.
Oppstryn Strykeorkestervart skipa i 1919 og hadde opptil 10 orkestermedlemer, dei fleste på flatfele. Rasmus Erdal var musikalsk leiar. Dei hadde nær kunstarleg kontakt med komponisten Per Bolstad i Ålesund som ætta frå Stryn. Orkesteret vart lagt ned midt på 1920-talet. Leiaren Rasmus Erdal og familien flytta til Tafjord, der både han sjølv, kona og tre born omkom i rasulukka i 1934.
Hjelledalen indremisjonvart skipa i 1919.
Olden Idrettslagvart skipa i 1920.
Første Røde Kors-laget i OldenI 1920 vart det første Røde Kors-laget i Sogn og Fjordane skipa i Olden etter opptak av hotellvert Inger Yri på Yris Hotell. I det første styret sat Inger Yri, Ingebrigt Beinnes, Rasmus Yri (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900) og Rasmus Høgalmen. Fram til 1922 var dei einskilde lokallaga direkte lagt under landslaget, men dette året vart landet delt i fem regionar, der Vestlands-regionen omfatta Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.
Oldedalen indremisjonvart skipa i 1921. Laget bygde bedehuset Ljosheim i 1924. Bedehuset har sidan 1935 fungert som kapell for dei øvre bygdene i dalen.
Innvik Hornmusikkvart skipa i 1925.
Nordstranda indremisjoni Stryn vart skipa i 1932.
Fjelli indremisjon i Stryn vart skipa i ?
Hopland indremisjonsforeningvart skipa i 1932.
Fjelli Småbrukarlagvart skipa i 1935 av bureisaren Anders M. Sølvberg. Dette var det andre småbrukarlaget som vart skipa i Sogn og Fjordane. I 1946 fekk Sølvberg skipa Sogn og Fjordane Bonde og Småbrukarlag og vart første fylkesformann.
Erdal indremisjonsforeningvart skipa i 1936.
Rake indremisjonsforeningvart skipa i 1938.
Innvik indremisjonvart skipa i 1942.
Blakset indremisjoni Stryn vart skipa i 1943.
Flo indremisjonsforeningvart skipa i 1943.
Stryn Røde Korsvart skipa i 1944.
Veten Idrettslagvart skipa i 1968 ved samanslåing av Idrettslaget Fjell og Blakset Idrettslag. Dette siste heitte i starten Blakset Skilag.
Olden eldrelagvart skipa i 1986.
Innvik og Utvik Skyttarlagvart skipa i 2007 ved at Innvik Skyttarlag frå 1880 og Utvik Skyttarlag frå 1884 slo seg saman.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|