På den 1400 meter høge Handadalseggi ved Dyrdal på vestsida av Nærøyfjorden er det framleis tydelege merke etter eit leiegjerde og bogestille der jegerane kunne sitje løynde til dyra var trengde i hop og nær nok til å nåast med piler og spyd. Også på Langafjellet litt lengre nord mot Fresvikbreen er det merke etter leiegjerde og bogestille like ved dyrastupa.
Fangst med dyregraver vart forbode i 1840.
|
Lordahytta ved Vargebreen vart bygd for å hyse engelske lordar som ville jakte rein. Foto: Anders Ohnstad |
Store gardar med mektige ætter (
Aurlandsætta, Soop-ætta og
Losna-ætta) sanka store rikdomar frå reinsjakta i Aurlandsfjella. Også i vår tid går aurlendingane mann av huse på reinsjakt.
Sette ut rein
Raudafjell reinsdyrlag vart skipa i 1934 av grunneigarar mellom Næryfjorden og Aurlandsfjorden saman med bønder frå Vossastrand. Tamreinen vart kjøpt inn frå Valdres og sleppt ut i Jondalen. Det vart seinare drive jakt på stammen fram til 1967, då stammen vart for liten til jakt.
Stupbratte fjordsider som kring Fjærlandsfjorden og fjordarmane i Aurland kommune kunne i eldre tider vere eit ynda tilhald for bjørnen.
Tamreindrift vart det satsa sterkt på i Indre Sogn frå slutten av 1800-talet og fram til 1966.
Fehandel og driftekarar er ein mange hundre år gamal tradisjon i Flåm og Aurland.
Krøterhandelen var ikkje minst eit kjærkome tilskot til inntektene på fleire høgdegardar som klora seg fast i fjordsidene utetter Aurlandsfjorden.
I Aurlandsdalen og elles låg det store høgfjellsgardar i gamal tid.
I ein kommune med mange brattlendte gardar var fjellbeita ofte meir verdfulle enn sjølve garden. Det var smøret og osten frå stølen som først og fremst skulle skaffe inntekter til garden.
Dei første sportsfiskarane kom til Gudvangen kring 1870.
Flåmselva og Nærøydalselva er mellom vassdraga som har fått eit nasjonalt vern.
Tobakksdyrking vart det drive både i Aurland og Undredal frå 1882. Pionéren var Øystein Underdal, som tok idéen med heim frå Amerika.
Fangst av fjordsild gav både mat og inntekter i gamle dagar. Ved Fretheims-garden i Flåm vert det hevda at det har vore ein lokal sildestamme.
Sukker
Tidleg på 1900-talet vart det både i Aurland og i andre bygder i Indre Sogn forsøkt med sukkerproduksjon.