|
Johannes Vinjum: Fra Aurland (1950) Blomquist Kunsthandel. |
Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.
Seinare kom både ungdomshus, administrasjonhus for kommunen og andre offentlege bygningar til. Mykje av det som vart skapt på Vangen, hadde sitt opphav i ein uvanleg aktiv mann:
Hans Johannes Brun.
Ein reknar med at både Onstad og Vangen frå dei eldste tider var stader der det utvikla seg eit livleg varebyte.
Då Aurlandske Compagni vart skipa på 1600-talet, nytta dei først eit område ved kyrkja som eksersisplass.
Den militære aktiviteten kan vere grunnen til at den tilflytta korporalen Sivert Johannessen i 1726 fekk løyve til å drive gjestgiveri på Vangen. På denne tida fekk Vangen eigen bygdevektar - eller stotar/stortakonge.
Korporal Sivert Johannesen vart gift med ei jordajente på Onstad på andre sida av Aurlandselvi, og i 1737 fekk han løyve til å drive gjestgiveri der. Onstad vart samstundes fast tingstad for bygda. Her var det lasteplass i Salthella, og i meir enn 100 år frametter vart difor Onstad eit tyngdepunkt for handel og ferdsle.
Knut M. Rosendahl frå ei kjend kjøpsmannslekt i Bergen, kjøpte i 1849 eigedomen etter kaptein Juul på Vangen og starta handel i "Juell-huset".
På Vangen vart Hans Johannes Brun ein "samfunnsentreprenør" av dei sjeldne.