Kjøpmann
Hans Johannes Brun opna telegrafstasjon i Aurland i 1873 då bygda vart knytt til hovudtelegrafen mellom Bergen og Oslo.
Telefon og telegraf i Flåm
I samband med anlegget på jernbanen, fekk Flåm ei lokal telefonline opp til leirane på fjellet kring 1900. Nede i bygda vart det opna ein privat telefonstasjon i 1902, og rikstelefon i 1910. I 1911 vart det installert ein spesiell turisttelegraf som berre var open i turistttida.
Flåm og Undredal var automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1983.
Gudvangen først med jernbanetelegraf
Alt i 1889 bygde Vestlandske Telefonkompani den første telefonlina i Sogn og Fjordane frå Voss til Gudvangen. Bak dette selskapet stod ingeniøren
Jens Sigfred Hopstock. Lina gjekk inn i Telegraferket sitt rikstelefonnett i 1898, men vart lagt ned kort tid etter og erstatta med ein såkalla turisttelegraf i 1899. Denne var berre open i turisttida.
Til Kårdal vart det elles bygt ein anleggstelefon for jernbanen i 1896.
Myrdal fekk jernbanetelegraf i 1908 og talestasjon for vanleg telefon i 1911.
Uppsete i Aurland fekk jernbanetelegraf i 1908.