SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Aurland:

Flåm - turisthamna framfor nokon

Cruiseskip i Flåm. (Foto: NRK)
Cruiseskip i Flåm. (Foto: NRK)
Flåm fekk rutestopp frå 1878, og hadde m.a. i åra då Bergensbanen var under bygging ope på fjellet, stor trafikk. Seinare kom turistane, og i 1904 reiste 6.500 passasjerar over Flåm.

Publisert 10.12.2003 15:03. Oppdatert 12.01.2004 15:45.
I 1940 opna Flåmsbana, og trafikken tok seg myke opp då Fylkesbatane sette inn "fjordbussen" "Balholm" i passasjer-og godsruter på Sogn i 1949.

Ut over 1980- og 1990-talet gjekk vanleg passasjertrafikk med jernbanen over Flåm sterkt ned, og nattoget vart lagt ned i 1996.

I høgsesongen er fleire tusen turistar innom Flåm dagleg. (Foto: NRK)"

Turistskyssen dominerer

Sidan er det turisttrafikken som har dominert både sjø- og jernbanetrafikken i bygda: I 1997 vart det registert over 143.000 passasjerar med ferje og passasjerbåtar over Flåm.

Stor cruisehamn

Flåm er i dag ei av dei store cruisehamnene på Vestlandet. I 2003 gjesta 114 turistskip bygda, og til og med dei største skipa kan leggje til ved den store cruiseskips-kaien som vart opna i 1999.

Flåmsbana populær

Både cruisehamna og Flåmsbana vert drivne av Flåm Utvikling AS. I 2002 reiste det 414.000 passajserar med den populære Flåmsbana - der 80 prosent av den 20 kilometer lange jernbanestubben opp til Myrdal stasjon har ei stigning på 55 % - og med stopp ved den brusande Kjosfossen som spektakulært høgdepunkt.

Nede på Flåm stasjon kan turistane vitje det vesle Flåmsbane-museet, der m.a. bygdefolk har hjelpt til med å samle inn gjenstandar heilt tilbake til då banen vart bygt.

Turistar på Flåm stasjon. (Foto: NRK)


MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no