Europaveg 16 gjennom Aurland og over Filefjell vart opna av H.M. kong Harald V då han i november 2000 klypte snora i verdas lengste vegtunnel: Lærdalstunnelen. Dette gjorde at Aurland samstundes fekk ei samla tunnellengde på europa- og riksvegar gjennom kommunen på nærmare 55 kilometer.
|
Lærdalstunnelen |
Kampen om det framtidige stamvegsambandet mellom Bergen og Oslo vart minst like hard som striden om lina for Bergensbanen omlag 100 år tidlegare.
Stamvegen gjennom Aurlandsdalen?
Heilårsvegen over høgfjellet frå Aurland til Hol i Hallingdal vart bygd i samband med den store kraftutbygginga i Aurland på 1970-talet. Vegen vart finansiert og bygd av utbyggjaren Oslo Lysverker og opna for trafikk i 1974.
Dette vart ein rimeleg trygg heilårsveg, der mange av dei mest utsette snøpunkta m.a. kring Geiteryggen vart lagde i tunnel. Då tanken om eit ferjefritt og trygt stamvegsamband mellom Bergens-regionen og Austlandet kom opp med full tyngde på 1980-talet, var det sterke krefter i Hallingdal som meinte at ein burde satse på Aurland-Hol i staden for ”omvegen” over Filefjell. Med litt ombygging av dei bratte tunnelane i Låvisberget frå Vassbygdi og opp i Aurlandsdalen ville vegen verte godt tenleg som framtidig stamveg, meinte dei.
Politisk medvind for Aurland-Hol, men berre mellombels
Både Sogn og Fjordane fylke og samferdsleministeren i Syse-regjeringa,
Lars Gunnar Lie, meinte det same, den gongen. Men etter hard politisk kamp, der særleg Valdres mobiliserte mot Hallingsdals-alternativet, tapte Aurland-Hol-alternativet kampen om å bli framtidig stamvegline ved avrøystinmga i Stortinget i 1991. Då hadde
Kjell Opseth teke over som samferdsleminister, og han støtta Filefjell-Valdres-lina.
På Aurlandssida av denne høgfjellsvegen – riksveg 50 – er det bygd i alt 10.748 meter tunnel: Vassbygdstunnelen 1058 meter, nedre Låvisbergtunnelen 260 meter, øvre Låvisbergtunnelen 410 meter, Stondaltunnelen 2240 meter, Berdalstunnelen 4270 meter og Nesbøtunnelen 2510 meter.
Filefjells-alternativet vann
Filefjells-alternativet over Lærdal og Valdres vann, og vart eit ferjefritt heilårssamband Bergen-Oslo då verdas hittil lengste vegtunnel - Lærdalstunnelen (24.510 meter) - vart opna i november 2000 av H.M. Kong Harald.
I dette stamvegsambandet inngår også fire store tunnelar på strekninga Aurland-Gudvangen - rekna frå aust:
Onstadtunnelen 673 meter, opna 1992, Fretheimtunnelen 1363 meter, opna 1992, Flenjatunnelen 5053 meter, opna 1988 og Gudvangatunnelen 11.428 meter, opna 1991.