SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Luster fødde år 1850-1900

Omtalane er ordna etter fødselsår.

Publisert 31.10.2003 15:40. Oppdatert 27.02.2006 09:53.
Førre side:
· Kjende personar i Luster fødde år 1800-1850

Nils Anderson Talle

(1851–1931) frå Talle. Bonde og hestedommar

Sjur Olsson Fuhr

(1852-1928) frå Fuhr i Luster. Bonde, bankdirektør og Høgre-politikar.

Sjur Torleivsson Næss

(1852-1938) frå Nes. Bonde og Venstre-politikar.

Kristen Bremer.

Kristen Bremer

(1853-1937) frå Hafslo. Lærar og historikar. Arbeidde som lærar i Fortun og Lærdal før han vart styrar for ein fylkesskule i Austfold og seinare styrar ved Borregård skule i Sarpsborg. Frå 1892 til 1921 var han lærar i Bergen. Historieboka "Hafslo ikring år 1860" vart gjeven ut etter at han var død.

Anders Hauge

(1853-) frå Luster. Lærar, Frisinnede Venstre-politikar, målmann og redaktør.

Ole Jensson Berge

(1853-1928) frå Fortun. Bonde, fjellførar og hotelleigar.

Hans O. Vigdal

(1855-1903) frå Vigdal i Luster. Lærar, friluftsmann, bygdedokter og kulturminnesamlar.

Frederik Balthazar Fraas Sjøtun

(1856-1924) frå Solvorn. Bonde og Høgre-politikar. Tok over garden Sjøtun i 1876 og dreiv den til 1910. Var kommunestyremedlem det meste av tida mellom 1884 og 1913, og var også direktør i Hafslo Sparebank. Stortingsrepresentant 1903-1906.

Jon Laberg

(1859-1948) frå Bergen, busett i oppveksten på Ornes, der han ætta ifrå. Lærar, Venstre-politikar og historikar.

Petra Malene (Malla) Moe

(1863-1953) frå Hafslo. Misjonær.

Henrik Angell

(1861-1922) frå Luster, busett i Oslo. Offiser, eventyrar og skipionér.

Halvard Drægni

(1869-1950) frå Skjolden. Industrigründer og politikar.

Johan Rumohr Døsen

(1869-1909) frå Dale. Fotograf. Arbeidde på landhandelen til faren Hans Rue Olsen Døsen frå sist på 1890-talet. Han var lidenskapeleg oppteken av fotografi, og har etterlate seg ei stor fotosamling som på ein unik måte dokumenterer folkelivet i Luster kring 1900. Samlinga vart i 1998 gjeven til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Kristofer Alme

(1871-1947) frå Hafslo. Bonde, organisasjonsmann og forfattar.

Hans Hansson Urdahl

(1871-1934) frå Luster. Bonde og Bondeparti-politikar. Vararepresentant til Stortinget 1828-1930.

Meta Christine Elisabeth Sjøstrøm

(1872–1944) frå Luster, busett i Laksevåg. Husmor. Omkom under eit bombeåtak mot den tyske ubåthamna i Laksevåg den 4. oktober 1944.

Nils Hansson Lerum

(1878-1968) frå Sørheim, busett i Sogndal. Handelsmann og industribyggjar, og ættefar til dei som seinare bygde opp det store konserveskonsernet
Lerum i Sogndal.

Jacob Jacobsen Molland

(1879-1935) frå Hafslo, busett på Røneid og i Oslo. Grosserar, skipsreiar og fossekjøpar.

Per Tang

(1883-1954) frå Hafslo, busett i Oslo. Offiser, kartograf, forfattar og organisasjonsmann.

Sigurd Martin Fjøsne

(1887-1974) frå Luster, busett i Gaupne. Lærar, organisasjonsmann og forfattar. Tok eksamen ved Stord lærarskule i 1911 og vart lærar i Luster frå same år. Lærar i Folldal 1914, Landvik frå 1916, og frå 1918 lærar i Luster. Han var leiar i Sogn ungdomslag i 10 år og var ein aktiv målreisingsmann. Under 2. verdskrig vart Fjøsne arrestert i 1942 og sat i lang tid som fange på Grini.

Ivar Sterri

(1889-1972) frå Hafslo. Industriarbeidar og Arbeidarparti-politikar, busett i Øvre Årdal.

P. Jakobsen

(fødselsår uvisst) busett på Hafslo. Anleggsarbeidar og kommunist- politikar. I 1928 var P. Jakaobsen den eine av berre to personar som var førde opp på den første stortingsvallista som Kommunistane stilte i Sogn og Fjordane. Det var Rognald Andersson Eikås som var toppkandidaten på lista, som berre fekk 338 røyster.

Ludwig Wittgenstein

(1889-1951) frå Austerrike, busett m.a. i hytta si i Skjolden i fleire periodar. Verdskjend filosof, og rekna som ein av dei fremste filosofane i den 20. hundreåret.

Inga Nitter Walaker

(1893-1993) frå Solvorn. Hotellvertinne, organisasjonskvinne og Venstre-politikar.

Sigurd Bertin Askeland

(1897–1942) frå Bergen, busett i Luster. Stuert og krigsseglar. Var stuert på M/T ”Koll” som vart torpedert på veg frå Halifax til England den 6. april 1942. Overlevande gjekk i tre livbåtar, men Askeland fraus i hel den 14. april 1942 og vart senka i havet.

Anders Hesjevoll

(1898-1969) frå Jostedalen. Bonde og breførar.

Hallvard O. Hesjevoll

(1899-1972) frå Jostedalen. Lærar, målreisingsmann og politikar.

Neste side:
· Kjende personar i Luster fødde etter år 1900
Førre side:
· Kjende personar i Luster fødde år 1800-1850
Hovudside:
· Kjende personar i Luster


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no