SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Dei første kraftverka i Luster

Ein av dei første kraftstasjonane som vart bygt i Sogn og Fjordane, var det vesle anlegget som A/S Sogns Iscompagni i Skjolden bygde i 1900 for å skaffe elektrisk lys til anlegget sitt. Kraftstasjonen var i drift til 1917.

Publisert 15.10.2003 09:49. Oppdatert 01.12.2003 12:12.
Den verna kraftstasjonen ligg like ved taubanen som går opp til Harastølen og det som var Lyster Sanatorium. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Først straum til sanatoriet

Ved Døsjaelvi i Luster vart det i 1901 bygt eit likestraumskraftverk av St. Jørgens Stiftelse som same året hadde opna det store Lyster Sanatorium på Harastølen. Kraftstasjonen forsynte det digre sjukehuset med elektrisk kraft - og krafta vart brukt berre der. Det skulle nemleg gå 14 år før resten av bygda nede ved fjorden fekk elektrisk lys. Det skjedde først då Luster Kraftlag med ein aksjekapital på 45.000 kroner i ryggen bygde ein kraftstasjon i den same elva. Denne gamle kraftstasjonen er teken vare på og verna.

Andre småkraftverk i Luster

I 1918 bygde Sølfest Skagen eit lite kraftverk Skagen øvst i Fortunsdalen.

I 1919 bygde L/L Sogns Elektrostaalverk ein kraftstasjon i Fortun - sjå: Industridraumar i Fortun. Stasjonen vart demontert i 1944.

Olav Listou bygde kraftverk ved Kolstadelvi i Dalsdalen i 1922. I den same elva bygde Luster kraftlag ein større stasjon i 1939 på Sage som forsynte bygdene kring inste Lustrafjorden fram til Sognekraft tok over forsyninga av distriktet. Her vart det bygt ny og mykje større kraftstasjon i 2002.

Jon Nes bygde kraftverk i Maraelvi i Marifjøra i 1928 og dreiv det fram til 1943. I 2000 bygde Per Jarle Molland eit minikraftverk på same staden.

Th. Fortun og ein del andre i Kroken bygde kraftverk ved Krokaelvi i 1933 for 20 abonnentar.

25 husstandar i Nesgrendi i Veitastrond gjekk saman om eit kraftverk i Røytevikselvi i 1936.

Ivar Berge og fleire bygde kraftstasjon i Feigum i 1940.

Nils og Per Yndesdal bygde kraftverk Yndesdalselvi i 1942.

20 husstandar i Veitastrond bygde kraftverk i Langedøla i 1945.

Nils Hess Kvam på Hafslo bygde kraftverk i Grøndøla på Kvam i 1945.

Lars Bakken i Jostedal bygde kraftverk i Jostedalen i 1946. Same året vart Jostedal Kraftlag skipa, men dalen fekk ikkje ålmen kraftforsyning før i 1958.

Hovudside:
· Kraftutbygginga i Luster


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no