SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Jostedalsbreen:

Jostedalsbreen - ein lunefull granne

Nigardsbreen var kring år 1900 lenger framme i dalen enn den er i dag.
Nigardsbreen var kring år 1900 lenger framme i dalen enn den er i dag.
Frå slutten av 1600-talet og fram til kring 1840 opplevde Norden ein kuldeperiode som sidan har vorte kalla "Den vesle istida". Einskilde meiner at kuldeperioden starta mykje tidlegare - på 1300-talet.

Publisert 29.09.2003 11:57. Oppdatert 18.11.2003 11:04.
I "Den vesle istida" voks m.a. Jostedalsbreen kraftig, og brearmane skaut seg mange kilometer frametter dalane. I Jostedalen fortel ei gamal segn at Nigardsbreen hadde øydelagt "14 Røgstuer". Dette måtte truleg vere på 1600-talet.

Utstadig bre

I "Den vesle istida" var breen tydelegvis litt ustadig, og kunne også trekkje seg ein god del attende. Men midt på 1700-talet kom Nigardsbreen att og braut seg langt frametter dalen slik at den låg heilt fram dit Breheimsenteret i dag ligg. Den tok også med seg mykje av jorda og husa på gardane Nigard og Bjørkhaug.

Framleis ser ein tydelege merke etter endemorenen som Nigardsbreen la etter seg frå denne perioden, før den trekte seg tilbake.

Voksteren på Nigardsbreen har kulminert i 1748, og etter den tid har den trekt seg tilbake fleire kilometer.

Tuftebreen i Krundalen gjekk så mykje fram at husa på Bergset visstnok måtte flyttast. Her pressa breen også ut store steinskred, og breen rudde med seg og øydela store landvidder. Også viktige stølsbeite vart øydelagde - m.a. er det i 1684 fortalt at gardane Grov og Bergset miste fjellstøylane sine i Krundalen.

Frosten øydela

I desse åra var det så kaldt at kornavlinga vart øydelagt for jostedølene. Særleg nokre år frå kring 1630 til 1659 og mellom 1685 og 1688 var harde. Likevel var det 1695 som vart det verste froståret -ikkje berre i Jostedalen, men i store delar av landet.

Baklibreen. (Foto: NRK)

Flaum og snøskred

Som om ikkje plaga med breen var nok, vart Jostedalen også herja av store elveflaumar i 1675 og 1741. Mange gardar heilt nedover til Gaupne miste mykje av den dyrka jorda si i flaumane.

Vinteren 1747-1748 vart ein snørik og hard bolk. Då gjorde snøskred store skadar på mange gardar både i Jostedalen og elles i Luster og Fortun. Men frå midten av 1700-talet vart det gradvis varmare og breen minka.

Men flaum har også gjort skade ved seinare høve: I 1898 gjorde ein "hundreårsflaum" i Jostedalselva kolossale skader på jordvegen nedetter dalen - sjå: Ulukker i Luster.

Storflaumen i Jostedalen i 1979

Natta til 15. august 1979 gjorde elveflaum og ras store skadar i Jostedalen.

Båtskyss på Nigardsvatnet

Kring 1930 hadde Nigardsbreen smelta så mykje at Nigardsvatnet dukka fram. Vatnet er to kilometer langt og har sidan vorte trafikkert med turistbåt som fraktar nysgjerrige turistar inn til brefronten i inste enden av vatnet. Trass i god merking og åtvaring til turistane mot å gå for nær breen, har isras råka turistar som trassar sperringane - ein gong med dødeleg utfall.

Sjå også:
· Den vesle istida
Hovudside:
· Jostedalsbreen


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no