Høyrde til den kjende aldelsætta Benkestok som eigde store jordeigedomar i Noreg i seinmellomalderen - m.a. Jordanger i Hafslo.
I 1523 finn ein Trond Benkestok som lensherre i Sogn, der han får hand om fem skipreider. Truleg busette han seg på Jordanger før han seinare flytta til Meløy i Nordland.
Visse spor tyder på at han var gift med ei kvinne frå adelsætta Gyldenløwe.
Adeleg tittel
På same vis som slektningen
Johan Kruckow på Sørheim, tok Trond Benkestok i 1532 parti for Fredrik I i striden om den norske kongekruna. Då Fredrik gjekk sigrande ut av striden, vart Trond tildelt den lågadelege tittel "væpnar".
Vart riddar
Han eigde også store jordeigedomar i Meløy i Nordland, og busette seg truleg der noko seinare. I 1541 fekk han inntektene til Meløy kapell, og same året også frå Sunnfjord len. I 1547 vart han tildelt Sunnmøre len og store Stigtens gods, og var på denne tida avansert til riddar - dvs. høgadelsmann.
Etterkomarane
Sonen Tord (d. 1587) fekk hand om fleire gardar i Sogn og Hardanger. Sonesonen Trond Tordson til Hanager (d. 1626) pantsette eigedomane sine i Luster og Hafslo til futen
Anders Lauritzøn Heiberg som då budde på garden Fuhr.