Thoralf Holene starta som lastebilsjåfør heime i Valdres i 1936, og flytta verksemda til Hafslo i 1940.
Mellom anna dreiv han i åra etter 2. verdskrig frukttransport frå Sogn til Austlandet og Trøndelag. Mykje av frukta kjøpte han "på rot" og plukka og pakka sjølv. Han dreiv også i lang tid mjølkeruter i Hafslo, og hadde dessutan transport av reinkjøt til Oslo frå slakteplassane ved Tyin.
Holene og andre transportørar i indre Sogn fekk store transportoppdrag ved Fortun-anlegga på slutten av 1950-talet og seinare ved kraftutbyggingar i Årdal.
Då sonen Torbjørn Holene overtok, fekk han m.a. store kontraktar på livdyr- og ferdigvaretransport for VS/
Gilde Vest, og hadde på det meste 17 spesialvogner og vogntog i sving.
I 1978 bygde Th. Holene AS serviceanlegg på Kjos i Hafslo.
I 2002 hadde Th. Holene AS 18 tilsette og ei omsetning på kring 15 millionar kroner.