Omtalane er ordna etter oppstartsår.
Ved hundreårsskiftet var Hafslo Sparebank den sjette største sparebanken i fylket, og med den klårt største formuen.
Luster Sparebank vart slegen saman med sparebankane i Jostedalen og Hafslo til Luster Sparebank i 1975.
Hafslo tidleg ute med branntrygdelag
Hafslo vart etter Aurland kommune den andre kommunen i Sogn og Fjordane som prøvde seg på skiping av eit lokal branntrygdelag. Det skjedde i 1865. Dette året fekk eit lag i Hafslo løyve frå departementet, men det er uklårt kor stor aktivitet laget hadde. Først i 1904 fekk Hafslo eit branntrygdelag som varde - då "Hafslo prestegjælds gjensidige brandforsikringsforening" vart skipa (sjå nedst på sida).
vart skipa i 1895. På same vis som i Lærdal og Eid, var grunnfondet for banken skipa av midlar som var att etter eit statleg kornmagasin i dalen.
Luster Branntrygdelag
- "Lyster Herreds Brandforsikringsselskab" - vart skipa i 1897, med kommunestyret som konstituerande generalforsamling, og med Melkior M. Røneid som første styreleiar.
|
Luster Branntrygdelag kjøpte i 1938 seks slike sinkbytter til brannsløkking. Mannen på biletet er Hans Døsen. Foto: Hermund Kleppa |
Hafslo prestegjæld gjensidige brandforsikringsforening
- seinare Hafslo Branntrygdelag - vart skipa i 1904 etter opptak frå kommunen. Branntrygdelaget dreiv i nær kontakt med den svært solide
Hafslo Sparebank - Jostedal kommune vart utan eige branntrygdelag, og mange i dalen vart difor kundar i branntrygdelaget i Hafslo. Det første forsøket på i skipe ei lokal brannforsikringsordning vart gjort så tidleg som i 1865. Dette laget vart godkjent av departementet, men kom truleg ikkje i drift.