Kjerringnes skule
dekte sørenden av vatnet og hadde skuleborn frå Yngsdalen med Hola, Kjerringnes og Viki. På grunn av problema med å krysse vatnet på utrygg is, måtte skulen på Kjerringnes i einskilde vintrar drivast som internatskule i lange bolkar. Lågt barnetal gjorde at skulen låg nede frå 1916 til 1918, men i 1930 fekk krinsen eige skulehus i Ospehola. Skulen vart sentralisert til Hafslo i 1956.
Skulen i Kvam
dekte bygdene kring nordenden av Veitastrondsvatnet - dvs. Kvam på austsida og Brengsnes på vestsida. Krinsen stilte krav om eige skulehus alt i 1882, men fekk ikkje huset opp før i 1914.
Skulestreik på Kvam skule
I 1952 var det skulestreik i protest mot dei dårlege sanitærtilhøva ved skulen. Det enda med at skulestyret truga kvart foreldrepar med ei bot på 500 kroner dersom dei ikkje sende ungane tilbake til den dårlege skulestova!
Kvam var i bruk som skule til 1961, då ungane vart overførte til Veitastrond skule på Heggestad.
Veitastrond-skule med tårn og kyrkjeklokke
Skulehuset på Heggestad i sjølve flatbygda Veitastrond vart bygt i 1884, og dekte grendene Nes, Heggestad og Neset lengst inne i dalen. Skulen hadde på denne tida kring 60 skulepliktige born. Frå 1909 fekk også veitastrendingane høve til å nytte skulehuset som kapell, sidan det var vanskeleg å nå fram til hovudkyrkja i Hafslo når snø og is stengde t.d. ved gravferder. Skulehuset fekk difor påbygt eit klokketårn. Eigen gravplass for bygda vart vigsla nokre år tidlegare - i 1891. Her måtte ein også i vanskelege vintrar vente med jordfestingsseremoni til våren kom, og presten kunne kome seg innover frå Hafslo.
Alt i 1919 stilte bygda krav om nytt skulehus, men det sto ikkje ferdig før i 1939. Skulen fekk tilbygg i 1986.
|
Undervisning på skulen i Veitastrond. (Foto: Arne Eithun, NRK) |