Særleg ille har det vore vinterstid når vatnet fraus til og snøskredene buldra. Særleg vintrane frå 1979 til 1981 var Veitastrond isolert i mange veker i strekk fordi snøfonner sperra vegen langs vatnet.
Handla for heile vinteren
|
Frå Soget på sluttan av 1940-talet: Om vintrane før vegen kom vart denne weaselen nytta mellom Soget og Veitastrond. (Foto © Fylkesarkivet) |
I gamal tid før vegane kom, måtte veitastrendingane syte for alt dei trengde av "kjøpevarer" før vinteren sette inn, for langs fjellsidene gjorde snøskreda det umogeleg å ferdast, og isen på vatnet var også lunefull.
Ei ferd til handelsmannen i Solvorn kunne ta ein dag kvar veg - med tre-fire timars rotur på Veitastrondvatnet. Det vart enklare då det kom handelsmann på Hafslo frå 1855.
Gravferd måtte vente
Døydde nokon om vinteren, hende det at lika måtte setjast inn på garden Viki fram til våren, då det var farande veg til kyrkja i Hafslo.
|
Vinterstid var hest og slede transportmiddel når isen var trygg |
Veitastrond-kanalen
Veitastrondvatnet ligg berre to meter høgare enn Hafslovatnet, og i 1842 søkte veitastrendingane om at Sògelvi - den korte elva som går frå Veitastrandvatnet til Hafslovatnet - vart gjort farande med robåt. I 1872 ytte "Kanalfondet" 400 dalar til "kanalisering" av elva. Hafslo kommune ytte 200 dalar, og ein liknande sum vart kravd inn som interessenttilskot. Elveløpet vart reinska opp, ein del bakevjer attmurte, og det var bygd ein trekkveg i hamrane langs elva. Restar etter denne trekkvegen kan ein enno sjå i dei loddrette fjellhamrane i Sòget.
Smørambarane fløytte ned elva
Ein handelsmann på Hafslo var tydelegvis svært skeptisk til å ta last med båt ned elva, sjølv etter utbetring. I 1890 vert det fortalt at han i staden sleppte smørambarane rett i elva og let dei drive ned i Hafslovatnet, der han fiska dei opp att!
|
Veitastrond. (Foto utlånt av Statens Vegvesen) |
Motorbåtrute på vatnet
I 1895 vart det bygd køyreveg frå Hafslo til Telgneset i nedste enden av Veitrastrondvatnet, og det vart sett inn ein liten dampbåt i rute på vatnet. Bak denne ruta sto m.a. den initiativrike bergenske telefonpionèren
Jens Sigfred Hopstock.
|
"Motoren" som kom i 1905 |
Dampbåten vart i 1905 skifta ut med ein større motorbåt - på folkemunne berre kalla "Motoren". I 1935 vart denne bytt ut med ein større båt - "Veitestrand" - som vart bygd på Nes like ved vatnet. Kaiene som båten nytta var bygde i tre høgder pga. den store skilnaden som det kunne vere i vasstanden mellom turketid og flaumtid.
Strabasiøs postveg
Veitastrond fekk postkontor i 1900. I uvêrsbolkar om vinteren når vatnet ikkje var farande, måtte postopnaren på Veitastrond gå over fjellet og hente posten i Fjærland. Ferda over høgfjellet var hard og fårleg, og postmannen hadde difor alltid med seg ein fylgjemann når han drog til Fjærland med postskreppa.
|
Frå vegarbeidet på Veitastrond-vegen |
I 1936 starta bygging av veg fram til Veitastrond, og den vart offisielt opna i 1956.
|
Det er lang veg til Veitastrond, men på fine dagar er det absolutt verd å ta turen. Dette biletet viser Nystølen og Langedalsbreen på vegen inn til Tungestølen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK. |