SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Luster:

Fastskular i Luster

Omtalane er ordna hovudsakleg etter oppstartsår:

Publisert 20.06.2003 12:27. Oppdatert 10.11.2003 10:19.

Dale, Flahamar og Nes

Nes fekk fastskule i 1861 i leigde lokale, og eige skulebygg i 1869. Nes fekk nytt skulehus i 1914. Ungdomslaget fekk kjøpe materialane i det gamle huset og reiste av dei ungdomshuset "Vårsol" i 1930.

Flahamar

fekk skulehus i 1864. Dette vart utvida i 1904. Frå 1934 var det ved fleire høve på tale å slå Flahamar saman med Dale krins, utan at framlegga vann fram.

Fastskulen i bygda Luster

Lustra-bygda fekk ein slags fastskule i klokkargarden alt i 1741.

Sørheim

vart skilt ut frå Dale som eigen skulekrins i 1877, og fekk eige skulehus. I 1968 vart krinsane Nes, Flahamar og Dale sentraliserte til ny skule på Dalsøyri.
Ny skulebygning stod ferdig i Dale i 1992. Bygget vert også nytta som samfunnshus for Dale.

Dalsdalen

Kilen er grenda øvst i Dalsdalen. Her er det kort veg over fjellet til Vigdal, og dei første åra vart ungane i Kilen sende over til Vigdal på skule.
Frå 1910 fekk Kilen eigen skule i ei leigd kårstove. Her heldt den til til 1930, då skulen ei tid flytta over til ei leigd stove på Sage litt lengre nede i dalen. Skulen i Kilen vart lagt ned i 1955 og borna sentraliserte til Dale skule.

Skulane på austsida av Lustrafjorden

Skulen i sørsidegrendene i Luster var frå starten av delt i to roder - Feigum og Kroken, og i lang tid drive som omgangsskule.

Lang sakshandsamingstid for Solvorn-skulen

Solvorn fekk det første skulehuset på Bjørnetun i 1865, men huset var dårleg. Krav om nybygg vart difor reist alt i 1880.

Skulen i Skjolden

Bolstad krins fekk eige skulehus på Bolstad almenning - dvs. Skjolden - i 1862, og nytt skulehus i 1898.

Skulen i Fortundalen

Fortun fekk det første faste skulehuset i 1867, men lange avstandar gjorde at fleire grender hadde omgangsskule til langt inn på 1900-talet.

Skulen i Gaupne

Tandla i Gaupne fekk skulehus i 1863, og Røneid i 1866. Då brua over Jostedalselva kom på 1890-talet, vart Røneid skulekrins slegen saman med skulekrinsen i Bukta på nordsida av elva i 1902.

Privatskule på Råum

Råum aust for Gaupne var eigen omgangsskulekrins frå 1863 til 1895. Frå 1902 til 1914 dreiv foreldra på Råum privatskule for elevane. Det vart også drive eigen skule for Råum frå 1931 til 1947.

Leirdalen og Alsmo

For Leirdalen og Alsmo vart det arbeidd for eige skulebygg heilt frå 1904 utan resultat. I staden vart skulen skiftande mellom ulike leigde lokale så lenge der var eigen krins. Før det kom skulerute i 1961 måtte ungane som budde lengst frå skulen, bu borte på hybel. Krinsen vart slegen saman med Vigdal frå 1962 til 1966, då alt vart sentralisert til Gaupne.

Vigdal-skulen med eiga badstove

Vigdal fekk eige skulehus i 1926, etter at kravet hadde vore framme sidan 1913. Vigdal vart slegen saman med Alsmo krins frå 1962 ti 1966, då skulen vart sentralisert til Gaupne. Læraren i krinsen, Olav Havreberg, fekk i 1946 bygdefolket med på å byggje ei badstove ved skulen. Badstova vart restaurert i 2000.

Skulen i Jostedalen

Jostedalen var frå først av delt i eit øvre og nedre distrikt: Til nedre høyrde Myklemyr, Sperle og deler av Kreken - til øvre resten av Kreken, Krundalen, Mjølverdal og Fåberg. Kvart distrikt hadde si eiga omgangsskuleordning.

Eikjastrondi/ Eikum

var skipa som eigen skulekrins, men hadde ikkje eige skulebygg. Fram til den vart lagt ned som eigen krins i 1915, gjekk ungane derfrå på nærliggjande skular som t. d. i Solvorn eller Ugulen. Etter nedlegginga av krinsen i 1915 valde nokre foreldra å sende borna sine over fjorden til skulen i Kroken. Var det i protest mot eitt eller anna?

Skulen på Indre Hafslo

Joranger, Ugulen, Mollandsmarka, Fet og Kjørlaug (Livdtun).

Skulen på Ytre Hafslo

Ugulen, Kvam, Kreken krins, sentralskulen på Mo, og kombinert barne- og ungdomsskule.

Internatskular og streik kring Veitastrondsvatnet

Kring Veitastrondsvatnet vart det bygt skulehus for tre krinsar: Ein for bygdene kring sørenden av vatnet - ein for bygdene på begge sider av nordenden, og ein for "flatbygda" nord for vatnet.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no