Altartavla frå 1904 er måla av Frida Rusti (sjå
Kjende personar i Leikanger fødde år 1850-1875). Kyrketomta var ei gåve frå Jens Sandvik. Far hans, Hans Sandvik, hadde i 1879 gjeve gratis grunn til ein gravstad for folket på fastlandssida.
Før kyrkja på Kjelkenes kom, måtte folket på fastlandssida krysse den verharde Frøysjøen for å kome seg til kyrkje – fram til 1865 til Grotle, og etter 1865 til den nye kyrkja ved Kalvåg. Under kapitlet ”Ulukker” kan du lese om mange som miste livet når kyrkjebåtane deira kvelva i Frøysjøen.
– Les også om den bitre lokaliseringsstriden på slutten av 1800-talet i artikkelen
Frøya kyrkje skapte bygdestrid.
Svelgen kapell
Midtgulen kyrkje på Kjelkenes var bygd i ei tid med veglause bygder kring Gulenfjordane, og då robåten var det vanlege framkomstmiddelet. Sjølv om det hadde gått føre seg kraftutbygging og industrireising i Svelgen heilt frå 1915, og smelteverket kom i drift i 1928, så skulle det vare heilt til 1960 før det største senteret i Bremanger kommune fekk eiga kyrkje: Svelgen kapell, teikna av arkitektane Claus og Johan Lindstrøm, som begge hadde røter i Lindstrøm-familien i Lærdal.
Alt i mellomkrigstida vart det arbeidd med planar om eit bedehus på industristaden, men i 1946 vart desse planane endra til at ein ville byggje eit bedehuskapell. Pengevanskar gjorde at det nye kapellet, når det endeleg kom i 1960, vart sparsommeleg og enkelt innreia.