SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra

Sogndalsfjøra kring 1900. På bakketoppen i bakgrunnen ligg Stedje kyrkje. (Foto © Fylkesarkivet)
Sogndalsfjøra kring 1900. På bakketoppen i bakgrunnen ligg Stedje kyrkje. (Foto © Fylkesarkivet)
Den gamle strandsitjarstaden Sogndalsfjøra - eller Sogndalsfjæren som det vart skrive før - var i eldre tid ein av dei største tettstadane i Sogn saman med Lærdalsøyri (sjå: Strandsitjarstaden Vikøyri) og Vikøyri (sjå: Plan om by på Lærdalsøyri).

Publisert 14.04.2003 15:17. Oppdatert 18.01.2007 10:20.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Om Loftesnes, Stedje og Sogndalsfjøra [WM]  Gudrun Loftesnes og historikar Per Sandal fortel til Ottar Starheim om sorenskrivargarden Loftesnes, storgarden Stedje og om fattigfolket i Sogndalsfjøra.
I eldre tid vart staden ofte nemnd som "Sogndalsfjæren" - i nyare tid er stadnamnet ofte avkorta til "Fjøra".
Den låg langs stranda frå utløpet av Sogndalselvi og innover til kommunekaia, og var bygt på ein eldgamal almenning. På almenningen hadde folk opp gjennom bygda opplagsplass for varer som skulle inn og ut med båt. Noko lengre aust, omlag det Hofslund Hotell ligg i dag, var det gamal tingstad.

Ekserserplass i Sogndal

Midt på 1700-talet låg det også ein militær ekserserplass for Sogndahlske Compagnie like ved strandsitjarstaden - medan kompanisjefen budde på garden Nes.
Folkeliv i Fjøra ca 1900. Foto: Nils O. Reppen

Fattigfolket i Sogndalsfjøra

I Fjøra voks det etter kvart ein busetnad for dei fattigaste i bygda - jordlause strandsitjarar og andre fattigfolk. Dei som ikkje var på forsorga, livnærte seg med lausarbeid på gardane i bygda, og elles med litt fjordfiske og ymse handverk.

Handverkarar knytt til jordbruk

Samanliknar ein yrkessamansetjinga i Sogndalsfjøra med Lærdalsøyri på same tid kring 1800 (sjå: Byprega næringsliv på Lærdalsøyri), så er det lagt fleire og meir "byprega" handverksfag på den livlege handelsstaden i Lærdal enn i Sogndalsfjøra. I Fjøra var handverkarane meir retta mot arbeidsoppgåver knytte til jordbruket, medan mange handverkarar på Lærdalsøyri var tydeleg knytte til det spesielle varebytet som gjekk føre seg på den årlege Lærdalsmarknaden.

To kondisjonerte

Gjestgiveriet på Fossetunet i 1860. (Foto © Fylkesarkivet)
Dei einaste som skilde seg særleg ut for den ålmenne fattigdomen i Fjøra, var dei to "kondisjonerte" som dreiv gjestgiveria og skjenkestovene på Nytappen (Fossetunet) og i Hofslund. Folket på Hofslund var handelsprivilgerte, og hadde framandklingande familienamn som Alm og Schiøtt.
Men særleg stor vart kontrasten dersom ein såg over til rikfolket som budde på storgarden Stedje, eller til dei rike embetsfolka på sorenskrivargarden ved Loftesnessundet:
· Storgarden Stedje
· Sorenskrivargarden på Loftesnes

Bygdeslum

Dei første skriftlege kjeldene om Sogndalsfjøra er frå skattemanntalet i 1664. På 1600- og 1700-talet auka folketalet i den vesle husklynga til det tredoble, og busetnaden fekk skap som ein liten landsby. I 1776 budde det 210 menneske og i 1801 222 menneske i Fjøra. Innslaget av eldre var relativt stort - av ein eller annan grunn særleg av eldre kvinner.
Dei sosiale tilstandane i Sogndalsfjøra var mildt sagt ille. Sogndalsfjøra var ein rein slum, med dårlege hus, rusk og skit og grisemøk over alt. Dei fleste levde på fattigkassa og almisser.

Strandsitjarmiljø i Sogndalsfjøra. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Gjest Baardsen frå Sogndalsfjøra

I dette miljøet voks også den kjende meistertjuven Gjest Baardsen opp. Eit hus som ein meiner var barndomsheimen til Gjest Baardsen Sogndalsfjæren, vart totalskadd av brann i 1998, men det er planar om å rekonstruere det som museum.

Rett på sild

Eit kjærkome tilskot i kosten for strandsitjarane var når det vart sett sildesteng i fjorden og dei kunne hente seg ei bøtte sild, slik dei etter gamle reglar hadde rett til. Dette skreiv språkgranskaren Ivar Aasen om då han vitja Sogndalsfjøra i 1843.

Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra

Sjukehuset vart bygt i 1819, og tente også som "amtssjukehus" fram til 1838. Det kan sjå ut som eit lyspunkt at det midt oppe i den armodslege husklynga også fanst eit "sjukehus". Men historia til dette sjukehuset er mørk.

Kommisjon vurderte Kaupanger som by i 1840

Sjølv om Sogndalsfjøra var største tettstaden på nordsida av Sognefjorden tidleg på 1800-talet, så fortel det likevel noko om kor låg status strandsitjarstaden hadde som "handelsstad" då det i 1840 skulle vurderast kvar ein framtidig by i indre Sogn burde liggje.

Sogndalsfjøra skiftar andlet

Ut over 1800-talet skifta Sogndalsfjøra etter kvart karakter til eit meir mangslunge bygdesenter.

Sogndal vert skulestad

Alt tidleg på 1800-talet vart det starta "samtaleselskap" i Sogndal, men denne "skulen" var reservert ungane til den vesle "sosietéten" i bygda. Kring 1860 fekk Sogndalsfjøra sin første "ålmenskule" utanom folkeskulen. Det store gjennombrotet som skulestad fekk Sogndalsfjøra først i 1871.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no