Lusakaupangen låg ved Amlabukta - mest truleg der
Kaupanger Hovedgård ligg i dag. Ved ein straffeaksjon mot sognebønder i 1184, brende kong Sverre Sigurdson sine hærmenn ned Lusakaupangen. Den vart bygt opp att, og fungerte som det viktigaste senteret for handel og varebyte i Sogn fram til
Lærdalsmarknaden overtok kring 1530.
På Nedre Amla vart det frå 1700-talet drive gjestgiveri. Kring 1850 vert det nemnt at ein mann også driv landhandel på Amlasanden.
Seinare slo handelsmann Mølmesdal frå Lavik seg til på dampskipskaia i Kaupanger. Denne forretninga vart teken over av ein Olsen, og i 1907 av Hans Timberlid. Han vart også postopnar og telefonstasjonshaldar. Etter han overtok sonen Arne Timberlid landhandelen i Kaupanger, medan ein annan son, Eivind, vart post- og telefonstyrar.
Butikken vart kring 1960 flytta til ferjeleiet på Kaupanger, der Arne Timberlid dreiv til 1975, då Olsen-Bui (sjå
O. Olsen) i Sogndal overtok og dreiv til 1990.