SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Sogndal:

Køyrevegar i Sogndal

Vegen Sogndal-Marifjøra

var ferdig som køyreveg i 1848.

Publisert 04.03.2003 10:24. Oppdatert 03.10.2006 20:33.

Vegen Kaupanger–Loftenes

var ferdig som kjerreveg i 1848. Den vart avløyst av ein skikkeleg veg med bilvegstandard i 1938.

Vegen Sogndal-Marifjøra

var ferdig som køyreveg i 1848.

Veg oppover Sogndalsdalen

vart bygt i etappar på 1800-talet, og var ferdig heilt til den øvste garden Selseng i 1877.

Køyrevegen Barsnes-Loftesnes

var ferdig i 1920, men alt i 1848 vert det opplyst at det gjekk ein enkel sledeveg fram til Barsnes.

Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn

Samanhengande vegsamband med køyreveg Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn kom i 1907.

Veg Mundal-Bøyum

I 1878 vart det bygt veg frå Mundal gjennom Urdabukti til den indre delen av Fjærlands-bygda. I 1909 vart det bygt veg frå sjøen framover Stølaholmen på austsida av bukta.

Sogndalsfjøra-Nagløyri

I 1893 vart vegen Sogndalsfjøra-Nagløyri opna.

Sogndal-Hafslo-Solvorna

I 1907 vart det skikkeleg køyreveg Sogndal-Hafslo-Solvorn.

Riksvegen Sogndal-Leikanger

vart opna i 1937. Vegen var bygt ferdig frå Sogndal til Slinde i 1933, og resten av vegen gjennom Fatlaberget mot Hermansverk vart broten gjennom av eit arbeidslag på i alt 50 mann. Vegen framom Fatlaberget har vore ein av dei mest rasfårlege riksvegstrekningane i Sogn og Fjordane, og fleire gonger har det vore nære-på-hendingar. Også i Stedjeberget
mellom Fardal og Sogndal har det gått fleire store ras.
I mai 2007 opnar ein 2100 meter lang tunnel gjennom Stedjeberget, og hausten 2008 skal ein 2300 meter lang tunnel gjennom Fatlaberget vere ferdig. Rassikringa med tunnelar, bruer og nye vegar kostar til saman vel 330 millionar kroner.

Ferje og bru over Loftesnessundet

Loftesnesbrua. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Frå 1938, då nyevegen til Kaupanger var ferdig, og til 1958, vart skyssinga ordna med ei kabelferje. Kabelferga vart lagt ned då den nye brua med eit spenn på 210 meter vart opna over Loftesnessundet i 1958.

Ny veg frå Distad til Hamrum

i Fjærland vart bygt i 1949.

Veg til Fimreite frå Eide

vart opna i 1994.

Vegen Fjærland–Skei og Fjærlandstunnelen

vart opna i 1986 etter ein hard kappestrid med Høyanger-lina om tverrsambandet gjennom fylket. Sjå: Kampen om tverrsambandet.

Riksvegen Sogndal–Fjærland

vart opna i 1994, og knytte indre Sogn til resten av fylket med heilårs vegsamband.

Fjærlandskortet

- sjå:Riksvegen Sogndal–Fjærland.

Kaupanger–Mannheller

med den 2.969 meter lange Amlatunnelen vart opna i 1995.

Stedjebergtunnelen

mellom Sogndal og Fardal vert 2100 meter lang og opnar våren 2007. Tunnelen er bygd framom ei svært rasutsett strekning av riksveg 55.

Snøskred stengde vegar i Fjærland

Stengde vegar på grunn av snøras har vore kvardagen for mange av dei som bur i Fjærland.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no