Ass. ing. i NSB 1915, avdelingsing. 1920 i Møre og Romsdal, Vegdirektoratet 1928. Overingeniør og vegsjef i Sogn og Fjordane 1936-1956.
Under krigen fekk han saman med avdelingsingeniør Arthur Sørum i oppdrag av tyskarane å leie bygginga av Tyin kraftstasjon i Årdal frå 1941 til 1943. Denne kraftstasjonen skulle skaffe energi til nazistane sine store planar om eit aluminiumsverk i Årdal (sjå
A/S Nordag). Torp administrerte arbeidet, medan Sørum var lokal byggeleiar i Årdal. Torp vart likevel arrestert den 24.10.1944, men sett fri etter få dagar i KZ-leiren Espeland , den 17.11.1944. Begge tente formuar på oppdraget for Nordag, og etter krigen vart begge tiltala for økonomisk landssvik. Under rettsaka kom det fram at m.a. den avsette fylkesmannen
Hans Seip hadde rådd Torp til å ta oppdraget i Årdal, fordi Seip feste lit til at Torp i ein slik posisjon kunne forsinke og sabotere framdrifta av Nordag-anlegget der.
Dei to vart først dømde i heradsretten, men etter anke frikjende i Høgsterett i 1948.
|
Torp budde i dette huset på Hermansverk då han var vegsjef. (Foto © Fylkesarkivet) |