SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Leikanger:

Kraftforsyninga i Leikanger

(Fot: Tor Sivertstøl, NRK)
(Fot: Tor Sivertstøl, NRK)

Sygna Uldvarefabrikk A/L

på Hermansverk bygde eit lite kraftverk i Henjaelva i 1912. Kraftverket var i bruk til 1943, og leverte også kraft til private abonnentar.

Publisert 07.02.2003 14:13. Oppdatert 16.01.2004 11:32.

H.M. Knutsens Preserving

på Hermansverk bygde eit lite kraftverk i Henjaelva i 1917. Dette vart kalla "Hermansverk elektroverk", og leverte også straum til nokre få hus i nærleiken. Ein av abonnentane var handelsmann Mathias Dugstad (sjå: Kristoffer Kristofferson Aarskog). Kraftverket ved fabrikken var i bruk til 1952.

Kraftverk på Eitorn

På Eitorn vart det bygt to små private kraftverk - det eine vart bygt i 1935 av Eirik Eithun i Kolgrovi og var i drift til 1954. Det andre kraftverket i bygda vart bygt i 1942. Eitorn fekk straum frå det utvida forsyningsnettet i 1950.

Ålmennforsyning - kamp om fallrettar

Alt i 1912 vart det skipa ei kommunal nemnd som skulle planleggje kraftverk og elektrisk lys i Leikanger. Men dei kom ikkje så langt så lenge det vart tevling med lokale industrifolk om fallrettane i Henjaelva.
Leikanger Ungdomslag stod hardt på i "kraftsaka", og fekk m.a. fylkesmann Ingolf Christensen og seinare overrettsakførar Einar Langberg inn i nemnda.

I 1913 hadde ein nær fått ein avtale om kjøp av falla i nedre del av elva, men det stranda til sist på usemje grunneigarane imellom. I staden vart det dei to private kraftverka ved Henjaelva som i lang tid skulle levere straum til kring 50 husstandar i den indre delen av bygda. Frå fylkesmannsgarden og vestover var det framleis straumlaust i mange år.

Desse lokale problema gjorde at Leikanger kommune i 1920 gjekk med i Gaulasamskipnaden - eitt av i alt tre interkommunale selskapa som skulle byggje ut kraftverk til ålmenn forsyning. Gaulasamskipnaden skulle byggje ut Gaula og forsyne Sunnfjord og Sogn innover til Leikanger, Sogndal og bygder i Luster. Men samskipnaden havarerte kort tid etter då dei økonomiske nedgangstidene sette inn.

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk

Leikanger kommunale Elektrisitetsverk vart skipa i 1930, og bygde sin eigen kraftstasjon i Henjaelva.

Sognekraft

vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og Indre Sogn som eigarar. Hovudkontoret er plassert i Vik. Selskapet har elles (i 2002) avdelingskontor med ingeniør-avdeling i Sogndal og dessutan ein mindre lokale base i Balestrand. Fram til 2001 hadde Sognekraft også kontor på Leikanger, der selskapet heldt til i 2. etasje på samvirkelagsbygget på Hanehaug.

Sognekraft fekk hovudproduksjonen sin frå kraftstasjonen i Årøy i Sogndal. Årøykrafta vart ikkje ført vidare vestover til Balestrand før i 1950, då fjordspennet ved Hella vart bygt.

MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no