SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Flora

Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal

Mads Henrik A. Standal var ein av dei mest allsidige forretningsmennene i Florø i etterkrigstida.

Publisert 07.01.2003 13:30. Oppdatert 07.01.2003 14:42.
Han starta i 1919 som medeigar og dagleg leiar av Landbruk Maskin-aksjeselskap. Firmaet selde m.a. plogar og andre landbruksmaskinar – og komfyrar då elektrisiteten kom. I tillegg til utsal og kontor, leigde firmaet også den kjende "Ørenbua" som no er teken vare på ved Kystmuseet.

Mads Henrik A. Standal trekte seg ut av "Landbruk" i 1943 og starta for seg sjølv med maskinforretning og anna handel.

Ankerløkken

Standal fekk m.a. hand om store eigedomar i Hesteneset. Det var mykje gjennom forretningskontakta med Mads Henrik A. Standal at industrimannen og eigaren av Ankerløkken, Ole E. Aaserud, satsa på skipsbygging i Florø på slutten av 1940-talet. Det var på ein eigedom som Standal disponerte i Hesteneset at Aaserud bygde skipsverftet. (Sjå Ankerløkken Verft.)

Tankanlegg

Sjølv bygde Standal stort tankanlegg for bensin og fyringsolje og vart forhandlar for Norsk Brendselolje.

Sonen Odd Standal gjekk inn som kompanjong i forretninga og kjøpte i 1948 Ørenbua, som det heile hadde starta i. Her vart det drive jernvarehandel, sportsforretning og sal av fiskeutstyr. Dei dreiv også import av Singer symaskiner og mjølkemaskiner. Ei tid hadde forretninga stor omsetning av straumleidningar og jernrøyr til lokale kraftverk og vassverk.

Bilforhandlar

I 1950 bygde Standal stort forretningsbygg i Firdavegen (det som no er ombygd til Sunnfjord Medisinske Senter). Her dreiv han og sonen Odd bensinstasjon, bilverkstad og bilforretning. Dei forhandla kjende traktormerke som firhjulingen Bautz og tohjulingen Motrac, bilmerka Skoda og SAAB og ei tid også Morris og Austin. Dessutan lastebilmerket International. På det meste hadde Standals forretningar 23 tilsette.

Mads Henrik A. Standal dreiv forretningane heilt til 1980-talet, medan sonen Odd trekte seg ut då han gjekk over i ei kommunal stilling.

MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no