Etter denne "skulefundasen" vart det skipa to krinsar på Systrond - ein vestafor og ein austafor
Leikanger kyrkje. I sørsidebygdene Fresvik, Borlaug og Feios (sjå:
Skular i Vik) vart det skipa tre krinsar. Men det gjekk treigt å kome i gang, for i 1748 - sju år etter skulefundasen - klaga soknepresten over at ingenting har skjedd. Årsaka var truleg at det her som elles vart vanskeleg å krevje inn ekstraskatten som m.a. bøndene måtte yte for å betale lærarløner og husleige.
Det vart ikkje skikkeleg fart på skulestellet før
Niels Normann kom til Leikanger som prest i 1816. I dei seks åra han var sokneprest, kjøpte han inn bøker og tavler og fekk utdanna fleire unge menn som seinare vart lærarar. Han oppnemnde også tilsynsmenn for skulen i kvar krins. Desse kunne bøteleggje foreldre som heldt borna borte frå skulen.
Prost Niels Normann skaffa Leikanger den første boksamlinga i 1821.