SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Leikanger:

Ferdsla på fjorden i Leikanger

Kaien på Hanehaug. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Kaien på Hanehaug. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 02.01.2003 10:58. Oppdatert 25.01.2007 10:36.

Skysstasjon på Hanehaug/Leikanger

På Hanehaug i Leikanger var det skysstasjon, truleg frå skyssplikta vart innført i 1648. Dei som var skysskaffarar budde der kaia og hotellet på Hanehaug ligg i dag. Her var det også gjestgiveri - sjå: Hanehaug.
Skysskaffarane hadde plikt til å skaffe rorskarar til transport av embetsmenn og geistlege. Skyssplikta var gratisteneste og svært mislikt mellom folk. Dei næraste skysstasjonane på ruta inn Sognefjorden var Flesje vest for Balestrand og Frønningen ved innløpet til Aurlandsfjorden.

Krøterdrifter på fjordaferd

Fram til 1. verdskrig vart store krøterdrifter, som kom nordafrå over Gaularfjellet eller frå Vadheim, frakta med båt innover Sognefjorden til Flåm, Aurland og Lærdal. Før motoren kom, gjekk denne transporten føre seg med jekter eller store robåtar.
Møtte dei motvind og ferda inn fjorden vart dryg, sette driftekarane beista i land m.a. på Njøsaholten eller i Borlaugskroken (sjå: "Gamle ferdsle- og driftevegar i Vik" og "Båtfrakt av feet") slik at dei fekk beite.

Hermansverk

vart stoppestad for Fylkesbaatane frå starten av selskapet i 1858. Heilt fram på 1970-talet var Hermansverk den viktigaste stoppestaden i kommunen.
I 1963 vart det vedteke å byggje ny kai på Hermansverk, men kaia vart likevel ikkje bygt. I staden vart det bygt nytt, stort kaianlegg på Hanehaug/Leikanger i 1974, og kaia på Hermansverk lagt ned. Sjå meir om kaitomta på Hanehaug i Jordal Eftf. og Sognefjord Sardine Co. A/S.
Kaia på Hermansverk vart totalskadd ved ein brann i 1979. Også pakkhuset og butikken på kaia rauk med (sjå meir om dette under: H.M. Knutsens Preserving).

Eitorn

vart stoppestad for Fylkesbaatane frå 1897, men berre på særskild melding. I 1919 fekk bygda fast stopp av rutebåten.

Bilførande båtruter og gjennomgangsferjer

Ei bilførande båtrute Vadheim-Lærdal vart sett i gang i 1934. Fylkesbaatane sin "Stavenes" gjekk i den daglege ruta, som også gjekk opp under Hermansverk. Lengre inne i fjorden korresponderte ruta med båt frå Gudvangen, og bilar vart overførde frå skip til skip i rom sjø.
Frå 1945 vart det sett inn eiga bilførande båtrute mellom Høyanger/Nordeide og Leikanger.
Då ferjeleiet på Hella vart opna i 1956, vart ruta korta ned til Nordeide-Hella. Denne ferga vart igjen nedkorta til Nordeide-Kongsnes i 1971 (sjå "Sognefjordslina og vekstsenteret Førde" og "Ferdsla på fjorden i Balestrand") då vegen vestover frå Balestrand til Kongsnes var ferdig.
Sjåfør Arne Skartun ryggar ombord i "Fjalir" på Grinde sommaren 1956. Bussen frakta eit fylgje som skulle i bryllaup i Nordfjord. Biletet er utlånt av Oddlaug Molland.

Leikanger

har vore stoppestad for ekspressbåten mellom Sogn og Bergen heilt frå ruta starta i 1971.

Store folkemengder på kaien då Kong Olav V kom til land under jubiléet for Fylkesbaatane i 1958. (Foto: Norsk Film/NRK)


MEIR OM LEIKANGER 
Leikanger kommune

 
Aviser og media i Leikanger
Historia i Leikanger
Industri og næring i Leikanger
Kjende personar i Leikanger
Kommunehistoria i Leikanger
Krigshistoria i Leikanger
Kyrkjer i Leikanger
Samferdsle i Leikanger
Skular i Leikanger
Verd å sjå i Leikanger

 
Lyd frå Leikanger
Video frå Leikanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no