|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kyrkjer i Luster: Gaupne gamle kyrkje | (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Gaupne gamle kyrkje er bygt i 1647, men den rikt utskorne inngangsportalen skriv seg frå ei stavkyrkje frå 1100-talet. Portalen vert rekna som eit av dei mest verdfulle norske treskurdarbeida frå dette hundreåret. Publisert 18.12.2002 11:24. Oppdatert 08.07.2003 15:02. | (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Innvendes er kyrkja overdådig dekorert, m.a. med 12 veggmåleri av Jesu' apostlar, måla i 1659 av Niels Maler.
Altartavla er ei katekismetavle frå 1589. Krusifiks frå mellomalderen står ved altaret. Døypefonten er ein jernring der eit dåpsfat frå 1600-talet får plass nedi. Preikestol frå 1626, korskilje frå 1647, rikt rekorerte stolar og kyrkjestoldører frå 1600-talet der m.a. Skancke-ætta sitt adelsvåpen er rissa inn i ein av dei.
Gaupne gamle kyrkje er eigd av Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane.
På Kunstindustrimuseet i Oslo er ein lysestake i forgylt bronse frå Dinant i Frankrike, datert 1150-1200 teken vare på. Ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum stammar ein gravkross frå mellomalderen frå Gaupne.
Kapell på ÅbergeOgså på garden Åberge i Gaupne skal det ha stått eit kapell som einskilde hevdar var den eldste kyrkja i bygda. Så seint som i 1903 skulle ein ha sett merke etter grunnmurane, som viste at tufta berre var 8 x 5 meter.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|